Ifølgje ein studie er musikken til Billie Eilish, BTS og Khalid blant dei mest populære å sovne til. Her finn du dei 20 mest vanlege songane på sove-spelelister.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar ved Aarhus Universitet i Danmark har analysert 225 626 låtar frå 985 sovelister på Spotify, for å finne «dei beste sovesongane».
Forskarane ville sjå om folk sine ulike sovespelelister, hadde fellestrekk. Kva gjer ein song til ein sovesong?
Over 3500 rockelåtar
Funna visar at det faktisk er stor variasjon i kva som fungerer som sovemusikk for ulike folk. Mesteparten av musikken på listene var mjukare, rolegare og oftare med autistiske instrument enn anna «vanleg» musikk, men også låtar med høg energi og tempo var å finne på sovelistene.
Det var til dømes 3742 av låtane som var rockelåtar, og både metall, funk og punk var også å finne – sjølv om det var under 1000 av desse.
BTS og Billie Eilish
Den mest populære låten blant spelelistene, som var med 245 gonger, var «Dynamite» av K-popgruppa BTS. Dette er ein låt med høgt tempo og mykje som skjer – altså ikkje det ein tenker seg som ei typisk sovelåt.
Andre populære låtar i spelelistene var «Jealous» av Labrinth (62 gonger) og «lovely» av Billie Eilish og Khalid (60 gonger).
Dei fann seks kategoriar innanfor sovemusikken på listene, der halvparten var typisk rolege sovesongar, medan resten hadde høgare lyd og tempo.
Forskarane trur det at ein kjenner ein låt godt, kan vere med på å gjere han beroligande, sjølv om tempoet og intensiteten er høg.
Meir forventa låtar var også med på listene som «Brahms vuggevise», «Clair de Lune» og «Canon in D».
Topp 20 sovelåtar:
Dei 20 mest brukte låtane basert på trackID | |||
Rekkefølge | Kor mange gonger | Tittel | Artist |
1 | 245 | Dynamite | BTS |
2 | 62 | Jealous | Labrinth |
3 | 60 | lovely (with Khalid) | Billie Eilish |
4 | 57 | Falling | Harry Styles |
5 | 54 | i love you | Billie Eilish |
6 | 52 | The Scientist | Coldplay |
7 | 50 | Supermarket Flowers | Ed Sheeran |
8 | 49 | Say You Won’t Let Go | James Arthur |
9 | 49 | Someone You Loved | Lewis Capaldi |
10 | 48 | when the party’s over | Billie Eilish |
11 | 48 | Not About Angels | Birdy |
12 | 46 | Happier | Ed Sheeran |
13 | 45 | everything i wanted | Billie Eilish |
14 | 45 | 5:32pm | The Deli |
15 | 44 | Get You The Moon (ft Snow) | Kina |
16 | 43 | Fix You | Coldplay |
17 | 42 | Perfect | Ed Sheeran |
18 | 42 | Dancing On My Own | Calum Scott |
19 | 42 | Your Eyes Tell | BTS |
20 | 42 | Skinny Love | Birdy |