AUF vil gi papirlause gratis helsehjelp
AUF vil at personar som er i Noreg utan opphaldsløyve skal få rett til meir helsehjelp, og ikkje berre akutthjelp som i dag.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gruppa som ofte blir kalla papirlause, er personar som er i Noreg utan opphaldsløyve.
Det finst ingen sikre tal på kor mange dei er, men ifølgje Utlendingsdirektoratet er det 210 asylsøkjarar med avslag på norske asylmottak, som har budd der i meir enn ti år, skriv Klassekampen.
– Både arbeid, utdanning og helsehjelp er vi opptekne av at folk skal ha tilgang til, om dei anten ventar på å returnere, eller dei har ein uavklart situasjon der dei kanskje ikkje kan returnerast, seier leiar av Arbeidarpartiets ungdomsparti Astrid Hoem.
I dag har folk i denne gruppa berre rett til akutt helsehjelp. Men nødvendig helsehjelp er meir enn akutt livredning, meiner Hoem.
– Det er viktig at alle skal få tilgjengeleg og gratis helsehjelp i Noreg, seier ho, men erkjenner at ho ikkje veit kva det vil koste. Ho påpeikar likevel at gruppa det gjeld ikkje er særleg stor.
– Det vil koste litt, men det er ikkje så enormt mange menneske det gjeld. Det å gi folk verdige liv når dei sit her i 10-20-30 år – det meiner eg ein rettsstat som Noreg er forplikta til å gjere.
Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier via den politiske rådgivaren sin at ho ikkje vil kommentere saka.