Grønland på sitt varmaste på 1.000 år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein kraftig auke i temperaturen dei siste åra gjer at Grønland er 1,5 grader varmare enn gjennomsnittet for det 20. hundreåret, ifølgje nye data frå isprøver.

Fram til no har ikkje kjerneprøvene frå isen vist særlege tydelege teikn på global oppvarming. Desse dataa hadde ikkje vore oppdaterte sidan 1995, men nye analysar av kjerneprøver tekne i 2011 viser ein dramatisk temperaturauke dei siste 15 åra, ifølgje ein studie publisert i forskingstidsskriftet Nature.

Les også: Mikroplast spreidd i heile Noreg – til og med i lufta over Ny-Ålesund

Brå auke

– Vi ser stadig aukande temperaturar mellom 1990-talet og 2011. Vi har no ein tydeleg signatur etter global oppvarming, seier glasiolog Maria Hörhold frå tyske Alfred-Wegener-Institut, som har leidd studien.

Informasjon frå iskjerneprøver – lange søyler som blir bora og blir henta opp frå den tjukke innlandsisen – blir brukte til å kartleggje temperaturen på Grønland frå år 1.000 og framover. Oversikta viser ein svak nedgang dei første 800 åra, før linja bevegar seg meir opp og ned medan trenden er oppovergåande. Frå 1990-talet og utover er det ein brå auke i temperaturen.

Hoppet etter 1995 er så mykje større enn i førindustrielle tid at sjansen «nesten er null» for at dette viser noko anna enn menneskeskapte klimaendringar, seier Hörhold.

Stadfestar teori

– Dette er viktige funn som støttar opp om mistanken om at den manglande oppvarminga vi har sett i isprøvene så langt er fordi kjerneprøvene slutta før den raske oppvarminga starta, seier klimaforskar Martin Stendel ved Danmarks meteorologiske institutt. Han har delteke i Hörholds forsking.

Hörhold har teke endå nyare isprøver i 2019, men desse er ikkje ferdig undersøkte enno. Analysane tek fleire år. Hörhold ventar framleis stigande temperatur, ettersom innlandsisen og breane på Grønland har smelta raskare den siste tida.


Les også: Meir lysforureining i verda enn det ein tidlegare har gått ut frå

Stjernehimmel over Oslo, biletet er tatt ved Setertjern (293 m.o.h.) aust for parkeringsplassen på Solemskogen. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK