Meir lysforureining i verda enn det ein tidlegare har gått ut frå
Lysforureininga har auka med 9,6 prosent årleg dei siste tiåra på stadene som forskarane har undersøkt. Det svarer til at det er 100 stjerner som er synlege no på ein stad der ein kunne sjå 250 stjerner for 18 år sidan.
Meir enn 51.000 menneske frå heile verda deltok i stjerneobservasjonar til studien. Dei fleste observasjonane vart gjort i USA og Europa.
Studien dokumenterer meir auke i lysforureining enn tidlegare anslag basert på satellittobservasjonen.
Studien vart gjennomført samtidig med inntoget av ledpærer, og enkelte forskarar har trudd at desse lyskjeldene gir mindre lysforureining. Studien indikerer likevel at ledpærer har usikker effekt når det gjeld dette.