«Jonas Gahr Støre, sei nei til valet av Ahmed Al Jabar som president av COP28»

Anders Riseng Tjeldflaat
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine meiningar.

Sultan Ahmed al Jaber
fotografert i 2019. Foto: Joel Davies Photography, Wikimedia Commons

Nyleg vart det kunngjort at Ahmed Al Jaber skal vera president for COP28 i Dei sameinte arabiske emirata. Jaber er også leiar i Abu Dhabi National Oil Company, ein av dei største oljeprodusentane i verda. Det er fullstendig hårreisande. No må regjeringa komma på banen.

Utfasing av fossil energi er noko klimaforskarar lenge har peika på som heilt nødvendig for å nå klimamåla våre. Under COP27 vart land samde om utfasing av kol, men olje og gass fekk lov til å halda fram. Det kom av sterke lobbyinteresser frå oljeproduserande land. Då er det absurd at leiaren for eit av dei største oljeselskapa i verda skal leia eit møte som i all hovudsak burde fjerne næringa hans.

Grønvasking er ordet her. At oljeselskap driv med grønvasking er ikkje noko nytt. Mellom anna har Equinor brukt fleire millionar kroner på å selja seg sjølv som eit selskap som er avgjerande for det grøne skiftet.

Det at klimafiendtlege og grå aktørar prøver å stå fram som miljøvennlege er urovekkjande. Vi kan ikkje gløyma at oljeselskap har ein stor del av skulda for klimakrisa. Det som er nytt er at sjølve organet som skal finna løysingar for å redda verda, blir offer for grønvaskinga til oljelobbyen.

No må regjeringa visa at dei faktisk er meir interessert i løyse klimakrisa enn å endra på kommunegrenser.

Me kan ikkje setja bukken til å passa på havresekken under klimatoppmøtet. Ein toppleiar i ei av årsakene bak klimaforandringane er rett og slett ikkje den rette mannen til å leia eit møte som skal prøva å løysa dei.

Jonas Gahr Støre, sei nei til valet av Ahmed Al Jabar som president av COP28.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Cornelia Reichmann (23) fotografert under ein aksjon mot statoil sitt forsingssenter på Rotvoll i Trondheim. Foto: stoppoljeletinga.no