USA: Fleire ufoar registrert i 2022

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 18.01.2023 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

USA må gå gjennom 510 varsel om såkalla ufoar frå 2022. Det er nesten tre gonger så mange varsel som året før. Det viser ein rapport som ein av USA sine etterretningstenester publiserte 12. januar.

Ingenting tilseier førebels at nokon av objekta har med romvesen å gjere.

– Vi har ikkje sett noko som vil få oss til å tru at nokon av objekta som vi har sett har utanomjordisk opphav, sa Ronald Moultrie frå forsvarsdepartementet på ei pressekonferanse i desember, før rapporten vart publisert.

Dei fleste sakene viser seg å vere ting som dronar eller ballongar. Likevel er det fleire hundre observasjonar som dei framleis ikkje har noko skikkeleg forklaring på.

Nytt å studere ufoar

Det amerikanske forsvaret har undersøkt varsel om ufoar lenge. Likevel var det først i juli 2022 at arbeidet fekk eit eige program. «All-domain Anomaly Resolution Office» (AARO), er den delen av forsvaret som tek for seg uidentifiserte objekt, både oppe i lufta og nede i havet.

Dei undersøkjer både nye varsel frå til dømes luftforsvaret og marinen, og går gjennom gamle varsel frå dei siste tiåra.

Ifølgje NPR er ein del av poenget å sjå om nokre av observasjonane kan vere kopla mot forsøk på spionasje frå framande styresmakter.

Om det kjem til å dukke opp nokre romvesen frå dette er difor usikkert. Likevel forsikra Sean Kirkpatrick, leiaren for AARO, at dei ikkje utelukka alternativ.

– Som fysikar må eg følgje den vitskaplege metoden, og eg vil følgje dataet og vitskapen kvar enn det leiar, sa han på pressekonferansen i desember.


  • Les også:

NTNU-studentar vil skriva norsk romhistorie – byggjer satellittar som skal sendast til verdsrommet

Kva er ein UFO?

UFO er ei forkorting for «Unidentified Flying Object» eller «Uidentifisert Flygande Objekt».

Det blir ofte kopla mot romskip, men kan handle om alle slags ting ein ser flyge gjennom lufta, utan å vite kva det er.

I USA har forsvarsdepartementet gått bort frå å kalle det UFO til UAP, «Unidentified Aerial Phenomenon» eller «Uidentifisert Luftfenomen». På folkemunne er likevel ufo mest vanleg.