Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er ein nasjonal minoritet?

I 2023 er det 25 år sidan Noreg signerte Europarådet sin rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Med det forplikta vi oss til å verne om rettane til mindre grupper med lang historie i Noreg.

For å bli rekna som ein nasjonal minoritet, må ei gruppe menneske kunne vise til over hundre års tilknyting til Noreg. Dersom ei gruppe kan vise til ei slik historie, kan dei sjølv bestemme om dei vil ha status som nasjonal minoritet.

Nasjonale minoritetar har gjerne særeigne kulturar, religionar eller språk som skil seg frå majoritetssamfunnet.

Kvifor får nasjonale minoritetar ein eigen kategori?

Minoritetar har sjølvsagt like mykje krav på vern om menneskerettane sine som alle andre. Likevel er dei ofte meir utsette overgrep til dømes under krigar og konfliktar i Europa.

I konvensjonen som Noreg har skrive under, blir det understreka at vernet om nasjonale minoritetar er avgjerande for stabilitet, demokratisk tryggleik og fred, dersom ein ser på europeisk historie.

Det står blant anna at eit mangfaldig og demokratisk samfunn bør leggje til rette for at nasjonale minoritetar skal kunne uttrykke, bevare og utvikle identiteten sin. Det kan både handle om etniske, kulturelle, språklege og religiøse identitetar. I Noreg blir dette blant anna praktisert gjennom støtte til institusjonar og språkarbeid.

Kven er dei nasjonale minoritetane i Noreg?

Her i landet har vi fem nasjonale minoritetar:

Det kvenske flagget

Det kvenske flagget. Kreditering: Hosmich, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Kvenar / norskfinnar

  • Historie: Kvenar/norskfinnar kom til Noreg på 1500-talet. Tradisjonelt har dei livnært seg av fisking, jakt og jordbruk i Troms og Finnmark, men mange dreiv også med gruvedrift frå 1800-talet. Kvenar/norskfinnar vart utsette for fornorskinga frå 1800-talet, då dei vart tvinga til å lære norsk, og ikkje prate morsmålet sitt. Mange vart utviste frå Noreg til Finland på starten av 1900-talet.
  • I dag: Det bur kvenar/norskfinnar over heile landet. Det blir rekna med rundt 10 000 til 15 000 i Noreg, men det er truleg fleire med kvensk opphav. Mange har både samiske og norske slektningar. Kvenar har eigne mattradisjonar, byggjeteknikkar og litteratur. Språket deira pregar også stadnamn i kjerneområde som Porsanger og Storfjord.
  • Språk: Kvensk er eit norsk minoritetsspråk med mellom 2000 til 8000 personar som pratar språket. Nokre interessegrupper bruker finske skrivemåtar, og reknar kvensk som eit finsk språk.
  • Religion: Historisk har mange kvenar vore læstadianarar. Dette er ein type luthersk-protestantisme, der forkynning på morsmål har blitt vektlagt.
Det skogfinske flagget.

Det skogfinske flagget. Kreditering: Bettina Gullhaugen og Frédéric M. Lindboe.

Skogfinnar

  • Historie: Skogfinnar kom til Noreg frå 1600-talet, og busette seg i skogområde der det ikkje budde nordmenn. Kjerneområdet deira har vore på Finnskogen aust i Hedmark. Dei har tradisjonelt livnært seg av svedjebruk, der ein brenn ned skog for å dyrke rug. Mange skogfinnar slutta å prate finsk under fornorskinga på 1800-talet.
  • I dag: Sjølv om mange har skogfinsk slekt, er det vanskeleg å seie kor mange på grunn av fornorskinga. Dei bur i dag over heile landet. Kvart år blir Finnskogdagene arrangert på Svullrya i Hedmarken. Då blir «Republikken Finnskogen» lausriven frå Noreg, og det blir vist fram teater, handverkstradisjonar og anna kulturhistorie.
  • Språk: Fleire skogfinnar prata lenge ein variasjon av finsk fram til 1900-talet, men språket er no utdøydd. Mange finske namn vart også fornorska i møte med norsk byråkrati. Likevel er det fleire stadnamn på Finnskogen med skogfinsk opphav.

I Oslo står den jødiske synagoga som vart ferdig i 1920. Foto: ZWGallery, CC BY 3.0, via Wikimedia Commons

Jødar

  • Historie: Det jødiske folket har opphav frå Midtausten, men har vore spreidd rundt om i verda. I Noreg vart det jødiske miljøet etablert etter 1851. Før det fekk dei ikkje lov til å slå seg ned i landet, noko som stod i den såkalla «jødeparagrafen» i Grunnlova. Desse kom hovudsakleg frå Mellom- og Aust-Europa. Dei busette seg hovudsakleg i større byar som Oslo og Trondheim. Dei fleste norske jødar flykta til Sverige, eller vart sende til konsentrasjonsleirar under 2. verdskrig.
  • I dag: Det bur om lag 1500 jødar i Noreg i dag. Mange aktivitetar og kulturutøving er knytt til trussamfunna. Kvart år blir det arrangert ein jødisk kulturfestival i Trondheim. Jødar opplever framleis fordommar, og er utsette for hatkriminalitet.
  • Religion: Jødedommen er ein monoteistisk religion der følgjarane trur på ein Gud som har inngått ei pakt med dei som folk. Tradisjonelt blir barn av ei jødisk mor rekna som jødar, men det går også an å konvertere, og dermed bli ein del av det jødiske folket. Ikkje alle jødar er religiøse, men for mange av dei er feiringa av religiøse høgtider ein viktig kulturell praksis, uavhengig av tru.

Det internasjonale Romani-flagget er eit symbol for både romanifolk og romar. Kreditering: AdiJapan, Public domain, via Wikimedia Commons

Romanifolk / taterar 

  • Historie: Romanifolk har opphav frå ei gruppe som vandra frå Asia, truleg nord i India, til Aust-Europa for over 1000 år sidan. Dei har vore i Noreg frå 1500-talet. Gruppa livnærte seg ved å reise rundt og tilbydde blant anna handverk til fastbuande. Fornorskinga gjorde at mange barn vart tekne frå foreldra sine, fleire vart nekta å prate språket sitt, og nokre vart steriliserte.
  • I dag: Fornorskinga gjer det vanskeleg å seie kor mange romanifolk som bur i Noreg. Europarådet reknar med at det er mellom 4000 og 10 000. Dei fleste romanifolk er i dag fastbuande, men nokre held ved like eit tradisjonelt levesett ved å reise delar av året. I nyare tid har dei blant anna designa ein eigen bunad, og boka Vandriane rakkarar frå 2014 er ei av få bøker på språket romani. Boka har parallelltekst på nynorsk og bokmål.
  • Språk: Romani, eller norsk romani, er eit nasjonalt minoritetsspråk. Det har utvikla seg sidan romanifolk fyrst kom til Noreg, og er påverka av norsk grammatikk og norske ord. Mange slutta å prate romani under fornorskinga. No blir det arbeidd med å normere romani, som tidlegare berre var eit munnleg språk. Universitetet i Oslo har ei norsk-romani ordbok tilgjengeleg på nett.

Romar

  • Historie: Romar kom seinare til Noreg enn romanifolk, men har same opphav frå Asia, truleg nord i India. Norske romar er derimot etterkommarar av romanifolket som var slavar i Romania fram til 1800-talet, og som vandra til andre land etter dette. Sidan dei først kom til Noreg på 1800- og starten av 1900-talet, var dei lenge ikkje rekna som statsborgarar. Det gjorde at dei unngjekk noko av fornorskinga, men dei vart ramma av streng innvandringspolitikk, og fleire hamna i konsentrasjonsleirar i mellomkrigstida og under 2. verdskrig.
  • I dag: Det er om lag 500 til 750 norske rom i Noreg i dag, og dei fleste bur i Oslo-området. Desse er etterkommarar etter familiane som hadde tilknyting til Noreg før krigen, som fekk statsborgarskap etter «sigøynarparagrafen» vart oppheva i 1956. Den reisande tradisjonen står framleis sterkt hjå desse, og fleire har kontakt med slekt rundt omkring i Europa. Kvart år blir den internasjonale Yagori-festivalen arrangert i Oslo, som viser fram forskjellige kulturuttrykk, særleg musikk.
  • Språk: Romanés er eit nasjonalt minoritetsspråk, og blir prata av romar i både Noreg og andre stader i verda. Språket har spor av at folket som har brukt det er vandrande, med lånord frå fleire andre språk. Likevel har det ein eigen grammatikk og ordforråd. Romanés har for det meste vore eit talespråk, og det har vore lite opplæring av språket i skulen. I 2022 vart boka ABC Romani Shibh gitt ut. Dette er den første læreboka for norske rom.

(Desse skildringane tek utgangspunkt i temasidene til utdanningsdirektoratet om nasjonale minoritetar.)

Kven er ikkje ein nasjonal minoritet?

Samane kunne i teorien definert seg som ein nasjonale minoritet, og har møtt og møter fleire av dei same utfordringane. Likevel har Sametinget valt å ikkje gjere krav på denne statusen.

Samane har ei historie som er eldre enn landegrensene til staten Noreg. Det er ein av grunnane til at dei heller har status som urfolk, som gir dei eit sterkare vern enn å vere ein nasjonal minoritet.

Noreg kan også få fleire nasjonale minoritetar i framtida. Sjølv om Noreg alltid har vore eit fleirkulturelt samfunn, har samansettinga av folk i løpet av det siste hundreåret endra seg.

I 2021 feira til dømes kongehuset 50 år med pakistansk arbeidsinnvandring til Noreg. Om 50 år vil kanskje pakistanske miljø i Noreg kunne vise til over hundre år med tilknyting til landet, og kan i teorien søke om status som ein nasjonal minoritet.


Fritt Ord-logo, blå

Denne saka er ein del av artikkelserien «Minoritet og makt», som er eit journalistisk prosjekt støtta av Fritt Ord-stiftinga. Har du tilbakemeldingar eller tips til prosjektet? Send oss ein e-post på tips (at) framtida.no, eller ei melding på Instagram.