Stortinget beklagar fornorskingspolitikken
Stortingsfleirtalet formidlar «si djupaste orsaking for dei overgrep fornorskingspolitikken innebar for samar, kvenar/norskfinnar og skogfinnar».

– Med dette ber Stortinget om unnskyldning for tidlegare stortings aktive rolle i fornorskingspolitikken, og erkjenner ansvar for konsekvensane av denne politikken for grupper og enkeltindivid, skriv kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget i innstillinga si i saka om Rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen.
Alle partia i kontrollkomiteen, med unntak av Frp, stiller seg bak denne formuleringa.
– Det vil ta tid før såra frå fornorskingspolitikken gror, men første steg for å byggje opp tillit og dialog, er å erkjenne urett. Saman med fleire vedtak og oppmodingar til regjeringa tek vi no eit stort steg vidare i forsoningsarbeidet, seier første nestleiar Frode Jacobsen (Ap) i Kontroll og konstitusjonskomiteen.
Stortingsfleirtalet er også samde om fleire tiltak som vart tekne opp i rapporten til sannings- og forsoningskomiteen.