Vil ha minoritetsspråka inn i ny boklov
Kulturrådet og Språkrådet vil ha minoritetsspråka kvensk, romani og romanes inn i den nye boklova.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hovudformålet med den nye boklova, som er under utarbeiding i Kultur- og likestillingsdepartementet er å sikre at det blir skapt ein mangfaldig norsk litteratur på bokmål, nynorsk og dei samiske språka og at denne er tilgjengeleg for alle i Noreg.
Likevel er ingen av minoritetsspråka med i lista over språk som er foreslått skal gjelde i den nye boklova. Grunngivinga er at det er for lite litteratur skrive på desse språka og marknaden er minimal.
I eit debattinnlegg har rådsleiar Sigmund Løvåsen i Kulturrådet og direktør i Språkrådet Åse Wetås teke til orde for at minoritetsspråka må omfattast av den nye boklova, skriv NRK.
Ekstra viktig
Løvåsen seier dei ser det som naturleg at også bøker på minoritetsspråka er inkluderte i boklova. At det finnast lite litteratur gjer det ekstra viktig. Det vesle som finst og som skal givast ut må bli ein del av rammeverket som resten av litteraturen er under, seier han.
– Det handlar om at han skal gjerast tilgjengeleg i butikkar, nettbutikkar og strøymetenester for lydbøker sånn at han kan nå ut til dei lesarane som finst og som er interessert, seier Løvåsen til NRK.
Løvåsen og Wetås viser i innlegget til den språklova som gjeld frå 1. januar i fjor. Den slår fast at kvensk, romani og romanes er kulturelt og språkleg likeverdig med norsk. Det offentlege har eit særleg ansvar for å verne og fremje desse språka.