Den neste store kampen for er å følgje opp regjeringa sin handlingsplan for kvensk språk og kultur.

– Som leiar vil eg vere ein person folk kan kome til med både ris og ros. Kanskje ikkje så originalt, men eg er ikkje den største tilhengjaren av rigide maktstrukturar.
Det skriv M. Seppola Simonsen på e-post til Framtida.no. Hen er kjent som forfattar, og vann debutantprisen til Tarjei Vesaas i 2022 for diktsamlinga Hjerteskog. Sydänmettä.
I mars vart hen valt som ny leiar i Kvääninuoret – Kvenungdommen, ungdomsorganisasjonen til Norske kveners forbund.
M. Seppola Simonsen
Alder: 26
Personleg pronomen: Hen/hens
Frå: Senja
Yrke/utdanning: Forfattar og samfunnsvitar
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag
Seppola Simonsen meiner alle har både styrkar og svakheiter som leiarar, og vil lene seg på andre som har kompetanse hen manglar.
– Det som gjer ein leiar dårleg er ofte at dei blir for høge på seg sjølv, at dei trur dei kan køyre løpet åleine. Men åleine kan eg nok utrette fint lite. Det er også verdt å nemne at vi er ein medlemsorganisasjon, ikkje eit politisk parti. Eg vil vere ein som har oversikt, og som jobbar hardt for organisasjonen, slik at medlemar føler at dei er i trygge hender.
Skal jobbe for meir enn berre tomprat
Den neste store kampen er å følgje opp regjeringa sin handlingsplan for kvensk språk og kultur.
– No er det vår – dei kvenske interesseorganisasjonanes – jobb å kommunisere dei behova vi ser og opplever. Det blir også viktig for oss å sørge for at planen blir meir enn berre tomprat, at han fører til konkrete tiltak og handling.
I tillegg skal dei fokusere på medlemane sine.
– Som styre vil vi i denne perioden fokusere på å skape møteplassar for kvenungdommar, jobbe politisk for å styrke rettane til unge kvenar i heile lande, og bidra i forsking-, språk- og kulturarbeid.
Måtte til Tromsø for å lære kvensk
Engasjementet til Seppola Simonsen for det kvenske har vakse etter hen vart med i Kvenungdommen og møtte andre unge med liknande bakgrunn.
– Som ein del av ein utsett minoritet har det å engasjere seg også kjenst naudsynt. For meg ville noko anna bety å gi slepp på ein del av identiteten min. Eg må jobbe for å bevare det kvenske, for å ta tilbake det som fornorskinga har teke frå meg. I mitt liv er det ikkje rom for passivitet.
Hjartesaka er at alle skal ha tilgang på kvensk språkopplæring. Etter hundre år med fornorsking er kvensk eit utryddingstruga språk, og hen seier dei treng at fleire lærer det. Det er ikkje enkelt når opplæringstilbodet manglar.
– Vi treng kvenske barnehagar, ein nasjonal, individuell rett til språkopplæring i grunnskulen, eit tilbod om kvensk i vidaregåande, og ei vaksenopplæring som kan nå ut til kvenar i heile landet. Eg, som bur i Oslo, har mått fly til Tromsø på eiga rekning – kvar månad – for å kunne lære meg kvensk. Når terskelen er så høg er det klart at få vel å gjere som meg.
Hen påpeiker at lærarmangel ofte blir brukt som argument mot eit breiare tilbod.
– Men korleis skal vi kunne utdanne kvenske lærarar når kvensk ikkje er ein integrert del av noko lektorprogram i Noreg, og når ein må ta studium på eiga tid og rekning utan lovnad om jobb eller gevinst? Det fell på si eiga urimelegheit, rett og slett.
Handarbeid og hobbyar
På fritida likar den nye leiaren å lese, lage mat, spele brettspel og vere i naturen.
– Handarbeid er også noko eg driv med frå tid til anna. Eg har blant anna lært å veve kommagband, og har vove slike til meg sjølv, søstera mi og mamma!
– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?
– Ein del av jobben min er SoMe. Likevel er eg ikkje nokon stor tilhengar av sosiale medium, og som for dei aller fleste tek telefonen meir av tida mi enn det eg eigentleg har lyst å gi han. Derfor har eg som nyttårsforsett å kvitte meg med heile greia. Eg vil gå frå smart til dum telefon, og no som eg har sagt det høgt må eg kanskje gjere det også.
– Korleis held du deg oppdatert?
– Eg prøver aktivt å halde meg mindre oppdatert på detaljane rundt alt det som skjer i verda. Kanskje er det naivt å skjerme seg sjølv frå fæle ting, men eg meiner at menneske neppe er laga for å få dårlege nyheiter i hende til alle døgnets tider. Alt med måte!
Idealsamfunnet der vi passar på kvarandre
For Seppola Simonsen er eit idealsamfunn det samfunnet der vi kjenner naboane våre, og bryr oss om dei. Hen meiner individualisme og globalisme har ført til at folk føler seg åleine, og at dei ikkje opplever tilhøyrsle og samhald.
– Einsemd er verkeleg ein kapitalistisk epidemi. Dei einaste som tener på at vi alle kjøper eigen vaskemaskin, grill og verktøykasse heller enn å jobbe samen og dele, er dei som sel vaskemaskin, grill og verktøykasse. Samstundes er det vi som tapar, når vi ikkje kan namnet på nokon av naboane våre, og heller drar ein ekstra tur på Coop enn å spørje om å få låne eit egg. Vi må alle jobbe for å skape samhald og miljø, noko som vil vere bra for både folk og miljø. Saman er vi sterkare!
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?
– No må eg jo nesten seie at eg gjerne inviterer alle naboane mine på middag, og at det blir servert gryterett med sesongens lokale grønsaker. Det tek nok litt lengre tid enn vanleg å lage middag til eit heilt nabolag, men så slepp til gjengjeld alle gjestane å stå ein time på kjøkkenet kvar. Det blir veldig hyggeleg å bli kjent med alle saman, og kollektivt sparar vi masse tid som vi kan bruke på noko som vi faktisk bryr oss om. Eg stolar på at under neste nabolagsmiddag kan eg vere gjesten.
– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?
– «Kvensk inn under minoritetsspråkpakta del III!» Underoverskrift: «På tide å bestemme seg? Staten har no pålagt seg å bevare eit språk dei har brukt over 100 år på å prøve å utslette.»
– Kva for ei bok burde alle lese?
– Ein av grunnane til at eg sjølv vart forfattar er fordi eg trur litteraturen har eit enormt potensial til å setje i verk samfunnsmessig forandring. Nettopp derfor er det så vanskeleg å velje berre éi bok! Nokre sterke kandidatar er Feminin gange av Molly Øxnevad, Less is more av Jason Hickel og Ultraprosessert av Chris van Tulleken. Likevel går eg for The Disposessed av Ursula K. Le Guin. Denne boka er SciFi og handlar om korleis vi vel å strukturere samfunnet, og kva konsekvens det kan ha, men ho er verken tung eller belærande. Eg syntest rett og slett at ho er inspirerande, og eg unner alle ein snev inspirasjon.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Eg har akkurat byrja å sjå Ted Lasso, og kan ikkje slutte å tilrå han til alle eg kjenner og ikkje kjenner. Han er ikkje ny, men gjekk meg hus forbi då han først kom, og etter at eg byrja å sjå serien har det vorte eit mål for meg å ta livet slik Ted gjer. Om eg klarer å ta fatt på kvardagen med gram av den entusiasmen og positiviteten Ted har, så er det ein siger for meg. Om du har lyst å sjå noko som gjer deg glad, sjå Ted Lasso.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Det er kanskje konteksten som speler ei rolle her, men is, bading og Tidløs av Postgirobygget? Då er det vanskeleg å ikkje kose seg. Eller om det ikkje er sol, eller is, eller tolelege temperaturar i vatnet der du er, så er det – som vi kvenar veit – sikkert badstovevêr. Då vil eg tilrå Saunapolska av Daniel Wikslund og Fredrik Hangasjärvi for ordentleg stemning.