Siste frist for å søkje om straumstipend frå Lånekassen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I desember fekk 228.000 studentar og elevar e-post om at dei kunne få eit straumstipend frå Lånekassen på 1.500 kroner viss dei betaler straum i tillegg til husleiga.

Så langt har 116.000 studentar søkt om og motteke straumstipend, og Lånekassen har til saman utbetalt 174 millionar kroner. Fristen for å søkje er søndag 15. januar, skriv Lånekassen i ei pressemelding.

– Omtrent halvparten av alle som har fått tilbod om å søkje om straumstipendet, har gjort dette. Dette kan kanskje verke lite, men mange har straum inkludert i husleiga og har dermed ikkje rett på dette stipendet. Også i fjor vår kunne studentar og elevar søkje om straumstipend frå Lånekassen, og også då søkte omtrent halvparten av dei som fekk tilbodet, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen Anette Bjerke.

Straumstipendet er for studentar og elevar over 18 år som har betalt straum i haustsemesteret 2022 og som får lån og stipend frå Lånekassen i same periode.

– Du kan få stipendet uansett kor mykje du betaler i straum, og det er heller ikkje nødvendig at straumrekninga står i ditt namn, så lenge du er med på å betale rekninga, seier Bjerke.


Foto: John Schnobrichog Csaba Balaz, Unsplash.com og illustrasjon Colourbox. Kollasj laga av Framtida.no