Kripos: Unggutar blir pressa for pengar etter deling av penisbilete

Kripos er bekymra over auke i saker der gutar ned i 14-årsalderen blir pressa for pengar etter å ha delt penisbilete med eller onanert framfor kamera på nett.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kripos opplyser at dei og fleire andre lands politistyresmakter den siste tida har sett ein auke i rapporterte tilfelle der unge tenåringsgutar blir pressa for pengar. Gjerningspersonane bak står fram som organiserte kriminelle grupper som sit i utlandet med svært avanserte metodar.

Ifølgje Kripos verkar det for offera som om dei deler penisbilete med eller onanerer framfor kamera for jamaldra jenter. Men så blir gutane utsett for eit pengekrav, med truslar om at bileta blir delte offentleg viss dei ikkje betaler.

Ifølgje politiet.no er det, trass auken, relativt få som melder frå om denne typen kriminalitet. Årsakene er mellom anna at offeret kan kjenne stor skam eller er redd for at venner og familie skal få vite kva som har skjedd.

Meld frå

Politibetjent Thale Parker ved seksjon for internettrelaterte overgrep ved Kripos seier at dei som opplever dette, bør bryte kontakten med den som krev pengar, og ikkje betale.

– Snakk med ein vaksen du stoler på, slik at du ikkje står åleine i denne situasjonen. Vi ønskjer også at denne typen kriminalitet blir meld, seier Parker.

Politiet ser alvorleg på det fordi det krenkjer moglegheita barna og unge har til å bestemme over eigen kropp og seksualitet. Det kan også påverke psykisk helse.

I tillegg rår Kripos alle til å ha eit medvite forhold til kva ein deler. Viss ein til dømes skjuler vennelistene sine i sosiale medium, vil ein lukka profil kunne gjere det vanskelegare for kriminelle å finne dei.

– Ver varsam viss nokon du ikkje kjenner tek kontakt på direktemelding eller vil ha deg over i ein privat samtale. Det kan vere ein person med uærlege intensjonar.


Mia Landsem arbeider til dagleg som etisk hackar hjå Orange Cyberdefense, og brukar fritida si på å hjelpe dei som opplever å få nakenbileta sine spreidde. På Kvinnedagen heldt ho hovudappellen på markeringa i Trondheim. Foto: Orange Cyberdefense