Skepsis til klimaskam: – Eg mister mykje glede med ting eg gjorde før

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 18.01.2023 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Tull», «dårlig» og «idioti». Det var blant dei mest frekvente svara då forskarar frå Universitetet i Bergen spurde nordmenn på 65 år eller eldre om bruken av «skam» i klimasamanheng.

Faktisk var heile 83 prosent av dei 500 spurde klart negative til omgrep som «kjøttskam», «flyskam», eller «oljeskam», kjem det fram i ein nyleg publisert rapport.

– Vi fekk ganske klare svar. Dei fleste syntest bruken av «skam» var veldig negativt. Det var feil å presse på andre at dei må føle skam. Også i ei separat undersøking blant skuleungdom var eit fleirtal negative til omgrepet.

Kjersti Fløttum er professor ved UiB og leiar «Lingclim». Foto: NTNU

Det seier Kjersti Fløttum på telefon til Framtida.no. Fløttum er professor ved UiB og leiar «Lingclim» – ei forskargruppe som studerer språkbruk relatert til klimaendringar.

Ho understrekar samstundes at det var enkelte som såg positive sider ved omgrepet skam.

– Eit mindretal uttrykte at skam kunne vere ok dersom det «vekka folk». 

Men det er ikkje dermed sagt at klimaskam er noko nordmenn faktisk går rundt og kjenner på. Nært beslekta omgrep er nemleg «skuld» og «ansvar».

Og kor flinke er vi eigentleg til å skilja desse frå kvarandre når vi set ord på kjenslene våre?

Skuldige studentar

Utanfor samfunnsvitskapleg fakultet på Universitetet i Oslo står fire studentar i snøføyken og diskuterer om det verkeleg er snø som dalar ned i denne uvanleg varme novembermånaden.  

– Eg føler særleg på ubehag med fly, og det kjem først og fremst innanfrå. Det er dumt at berre fordi eg vil vere varm to veker i året, så skal eg sitte i ein metallsylinder og brenne store mengder klimagassar. Det gir ikkje meining, seier August Ihle.

Medstudent Gina Gerhardsen fortel at ting ho tidlegare kunne gjere utan å tenke mykje over det, som å dra på jentetur til Portugal, no gjer at ho får klump i magen.

Eg kjenner at eg mister mykje glede med ting eg gjorde før, seier Gerhardsen.  

Ved sida av ho står Herman Midttun Tobiassen. Han føler i grunnen verken på skam eller ubehag.

– Men eg prøver likevel å avgrensa meg, fortel han.

Marie Myrene Nørstebø trur skam kan vera nyttig i klimakampen, men berre dersom det faktisk fører til endra åtferd:

Eg trur det er lurt at folk føler litt på skam. Viss det fører til at du flyr mindre eller et mindre kjøtt, er det kjempebra. Men viss du held fram med alt det, og likevel føler skam, da er det ingen vits, meiner ho.

Kva så med kollektivt ansvar? Føler studentane seg medansvarlege for norsk olje- og gasseksport?

– Ja, faktisk. Eg kan bli flau på vegner av landet, som ikkje akkurat gjer det kjempebra når det kjem til klima- og miljø. Vi kan ikkje direkte bestemme kva Equinor skal drive med, men vi tener jo på det gjennom oljefondet. Vi har det sjukt bra på grunn av nettopp oljepengar, seier Gerhardsen.

Norsk politikk sviktar grøn omstilling, meiner administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Skuld og skam

I den russiske forfattaren Fjodor Dostojevskij sin klassikar «Brotsverk og straff», tar hovudpersonen Raskolnikov livet av ei gammal pantelånarske. Lesaren blir så vitne til ein Raskolnikov som frenetisk forsøker å rettferdiggjera ugjerninga, men som omsider går til grunne av skuld og innrømmer det han har gjort.

Skildringa av Raskolnikov er eit klassisk eksempel på skuld.

Raskolnikov slit med skulda si medan politiet heng over han. Frå filmen i 1935. Foto: Columbia Pictures, Josef von Sternberg, Public domain, via Wikimedia Commons

Skuld er knytt til handlingar ein utfører, og kjem innanfrå – skulda er på sett og vis røysta til ditt eige samvit.

Samstundes er skuld ein moralsk og rettsleg kategori: ein dommar kan erklæra deg skuldig, og du kan ha gjort deg skuldig i ei moralsk urettvis handling. Men skuld er altså retta mot individet.

Derimot er skam eit sosialt fenomen, og avhengig av andre som påfører skam. Skamkjensla er uttrykk for andre sitt kritiske blikk på deg.

Ikkje minst rettar skam seg mot den du er, medan skuld har opphav i noko du har gjort, ei handling.

Hard kamp om merksemd

Ole Jacob Madsen er professor i psykologi ved Universitetet i Oslo, og har forska mykje på kjensler i klimasamanheng. Han blir ikkje overraska over den negative responsen til deltakarane i UiB-undersøkinga:

– Skam går direkte på den ein er – det er knytt til sjølvkjensle. Derfor er det negativt å ha for mykje av det. Eit typisk terapeutisk mål er å kvitte seg med skam, fordi det fører til sjølvforakt og aggresjon mot sjølvet.

Ole Jacob Madsen, professor ved UiB. Foto: Universitetet i Oslo

– Skuld er ei mildare kjensle fordi ho er knytt til handlingar. Så kunne ein spørje seg: Kvifor snakkar vi ikkje om flyskuld eller flyansvar i staden for flyskam?

Madsen trur det heng saman med kampen om merksemd i sosiale medium. Der lønner det seg å bruka meir ekstreme termar som vekker sterke kjensler, og dermed blir favorisert av algoritmane. Men med det kjem visse farar, trur han:

– Når UiB skulle arrangere kjøttfritt julebord for eit par år sidan, så gjekk for eksempel Frp ut og sa at dette var universitetet som forsøkte å påføre sine tilsette kjøttskam.

Å ta i bruk omgrep som klimaskam og klimaangst i staden for mildare alternativ som ansvar og frykt, kan dermed bli del av ein kulturkrig der den klimaopptekne og urbane «eliten» vil blanda seg inn i forbruksvanane til «vanlege folk», fryktar Madsen.

Er problemet individuelt eller politisk?

For mykje vekt på våre individuelle kjensler i møte med klimakrisa kan også ha andre negative sider, ifølgje Madsen.

Tidlegare har han åtvara mot at for mykje snakk om kjensler som «økosorg» kan gi ei oppfatning av at slike kjensler er irrasjonelle og bør reknast som eit individuelt problem.

Men slike kjensler kan vera heilt rasjonelle svar på ein krisesituasjon, og bør gjerne løysast på politisk nivå snarare enn i terapirommet, ifølgje Madsen.

Også når ein snakkar om skam og skuld, kan det gi eit inntrykk av at klimakrisa må løysast hos den enkelte, meiner han.

– I sum vil eg tenke at bruken av «skam» i klimasamanheng er negativt. Dels fordi det enkelt kan misbrukast av klimafornektarar som spelar på mytar om «den urbane elite», og fordi det peikar mot individet. Kanskje er «skuld» betre, men meir nøkterne ord blir gjerne ikkje like populære.

Det klimafiendtlege sjølvet

Tilbake til den skuldtyngde Raskolnikov. For kva var det eigentleg som gjorde situasjonen hans utoleleg? Var han redd for å bli avslørt? Kunne han ikkje leva med å ha utført den brutale handlinga? Eller var det rett og slett ikkje til å halda ut at han i kraft av handlinga hadde blitt ein annan – nærare bestemt ein mordar?

Og går det eigentleg an å skilja det ein gjer frå den ein er? 

Ei rekke studiar viser for eksempel at menn forbruker langt meir kjøtt enn kvinner, og er mindre positive til vegetarianisme.

Forskarar meiner dette kan henga saman med at kjøttforbruk er ein måte å hevda sin maskulinitet på, og kjøttkutt blir dermed ein direkte trussel mot denne maskuliniteten.

Ein kunne tenkja seg at det same gjeld menn med store fossilbilar: bilen er med på å utgjera vedkommande sin maskuline identitet.

Her fell skiljet mellom det ein gjer saman med den ein er. Sjølvet er nettopp praksisane ein tar del i, og tinga ein forbruker.

– I psykologien har William James lagt fram teorien om det «materielle sjølvet». Der er det ikkje noko skilje mellom gjenstandane våre og sjølvet, fortel Madsen.

Gjenstandane, eller alt ein ser på som «mitt», blir altså ei utviding av sjølvet.

I så fall vil individets «grøne skifte» innebera langt meir enn å erstatta fossile handlingar med berekraftige: Dette skiftet fører fram til eit heilt nytt sjølv.

Mannen som ein gong identifiserte seg med kjøttforbruk, SUV-køyring og helgetur til New York, må no identifisera seg med togreiser, tofu og topptur. Med nye, grøne handlingar får vi også andre menneske.

– Det kan sikkert verke unaturleg og urealistisk for mange, men det naturlege er jo at menneske er tilpassingsdyktige til endra ytre realitetar og krav. Men endringane kjem ikkje av seg sjølv og må leggast til rette for gjennom ein villa politikk og økonomi, avsluttar Madsen.


Korleis klimakampen skal omtalast er det fleire som er opptekne av:

Matilde Angeltveit reagerer på ytringa til Trond Blindheim. Foto: Andreas Omvik/Nordisk ministerråd, Skjermdump frå NRK