Ville pingvinar har passert spegltesten, men berre så vidt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.01.2023 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å kjenna att seg sjølv vert sett på som ein viktig indikator på intelligens blant dyr. Testen vert kalla mirror self-recogntion (MSR) og har røter tilbake til 70-talet då slike eksperiment vart gjort på sjimpansar, ifølgje Hakai magazine.

No har forskarar funne ut at også pingvinar ser ut til å delvis passera testen.

Ven eller fiende?

Vanlegvis føregår testen ved at forskarane set eit merke på kroppen til dyret på ein stad dei ikkje ser utan spegel. Om dei etter å ha sett det i spegelen rettar merksemda mot merket på kroppen sin, meiner forskarane at dyret har bestått testen.

Dyra som ikkje skjønar at dei ser sitt eige spegelbilete vil gjerne opptre aggressivt eller redd i møte med spegelbiletet, som dei trur er ein framand. Dette gjorde ikkje pingvinane.

Test i det fri

Dei fleste forsøka vert gjort i laboratorium, men når forskarane skulle testa adeliepingvinar si sjølvbevisstheit gjorde dei det ute i det fri.

Først plasserte dei spegelen framfor pingvinar som vagga forbi naturleg. Då såg pingvinane på seg sjølv utan noko særleg rørsler.

Når forskarane brukte vegger for å leia pingvinane mot spegelen meinte dei å sjå tendensar til at pingvinane gjorde gestar og rørsler medan dei såg på seg sjølv.

Når forskarane sette opp eit merke på spegelen prøvde dyra å fjerna det. Men når forskarane sette eit band på pingvinane såg dei ikkje ut til å verken bry seg om, eller fjerna det.