Over halvparten tek førarprøva med automatgir

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aldri før har så mange køyrt opp med automatgir.

51 prosent vel automatgir, men tala viser også at dei som køyrer opp med automatgir, stryk oftare enn dei som køyrer opp med manuelt gir.

No handlar trafikkferdigheiter om mykje meir enn giring, påpeikar administrerande direktør Rolf Gregersen i Noregs Trafikkskoleforbund.

– På få år har bilen gått frå å vere eit mekanisk verktøy til å bli ei avansert datamaskin. Det påverkar førarrolla, seier han.

Har du, eller vil du ta, førarkort med manuell giring?

Har du, eller vil du ta, førarkort med manuell giring?

Ja! Eg kjem til å køyre bil med manuell gir. 18
Ja, for å vere på den sikre sida. 14
Nei, det treng eg ikkje. 10
Veit ikkje.10
Svar totalt: 52

 

Gammal teknologi

I Oslo har andelen som tek førarprøva med automatgir, auka frå 32 prosent i 2018 til nærare 70 prosent i 2022.

Vidare understrekar Gregersen at dei utsleppsfrie køyretøya for alvor har innteke trafikkskulebransjen.

I Noreg er det registrert 3.035 skulebilar i Noreg, og andelen elbilar aukar – nær 80 prosent av nye trafikkskulebilar i 2022 var elbilar.

– Det er ingen grunn til å lære seg å køyre bil med gammal teknologi, legg Gregersen til.


KJÆRLEIK: Alf Tore Forberg har kanskje plass i ein av dei seks bilane sine – dersom den rette Saab-dama dukkar opp. Foto: May Grethe Lerum