Thea (20) bruker 35 000 i månaden på å byggje camparvan

Draumen er å køyre nedover Europa etter ho er ferdig på skulen.

Åshild Slåen
Publisert

– Det byrja då eg var tolv år. Eg såg på YouTube også var eg sånn, «Oi, det her skal eg gjere ein gong!»

Det seier Thea Helen Lied (20) på telefon til Framtida. Ho er nett ferdig på jobb, og har vore ein tur innom Biltema, før ho kom heim til sitt store prosjekt: Ein Iveco Daily varebil, som skal byggjast om til ein camparvan.

Med seg har ho kablar for å endeleg få kopla på eit batteri. Straumanlegget og solcellepanela som skal tene dei ti kvadratmetrane inni bilen er litt nærare å bli ferdig.

@theahlied

Del 10!🚐🫶Håper ikke det ble for mye i denne videoen og at det var i det minste bittelitt greit forklart 🫶 Hvis noen har spørsmål er det bar rå sende DM eller kommentere så skal jeg svare så godt jeg kan🩷 #vanlifeconversion #vanlife #vanconversion #campervan #norge

♬ Original Sound – TikTok Advertiser

Når alt er bygd ferdig, er Lied klar for eventyr. Det er barndomsdraumen som blir verkeleg.

– Det er berre heile greia. At ein kan ha med heimen sin kvar enn i verda, seier ho.

Heile livet på ti kvadrat

Thea Helen Lied er ein del av eit større camparvan-miljø, der folk byggjar om sin eigen varebil slik at dei kan leggje ut på vegen.

På Instagram har emneknaggen vanlife 18,9 millionar innlegg, og på TikTok 1,8 millionar innlegg. På YouTube er det mange som vloggar om omfattande reiser, og der folk deler tips og triks for korleis ein kan byggje sin eigen camparvan.

Thea har eit stykke att før ho er ferdig med camparvanen sin, men ho deler kvart einaste steg med over ti tusen følgjarar på TikTok. Ho er ikkje bekymra for at det blir for trongt når ho først skal ut og reise.

– Det er berre 10 kvadratmeter i bustadrommet, men det er ein hybel i Oslo.

@theahlied

Følg meg på Snapchat også for å få live updates⭐️ (theah.06 ) Long awaited del 4⭐️🩷#foryou #campervan #norge #vanlife #vanlifeconversion

♬ เสียงต้นฉบับ – JOHN (SONGS STATION) – สุขภาพดีกับเบิร์ด

Det skal inkludere ein stad å sove som kan gjerast om til sofa, ein kjøkkenkrok, ein kontorplass med innebygd tastatur i skrivebordet, og eit bad med eit toalett i ein skuff som kan gøymast når ho skal dusje.

Alle ideane tek god inspirasjon frå andre som har bygd om varebilar, og Thea trur ikkje det er risiko for brakkesjuke.

– Naturen er jo uendeleg med kvadrat! Det er der eg kjem til å opphalde meg mesteparten av tida.

Eit lite norsk miljø

Det er ikkje så mange som driv med det i Noreg, men Lied synest ho har kome inn i eit hyggeleg miljø.

Ho har spurt fleire spørsmål i ei Facebook-gruppe der andre vanlife-entusiastar samlar seg, og fått gode svar.

– Dei fleste er jo i USA, det er der det er populært. Når ein først finn nokon så har ein noko sjukt gøy til felles. Eg gler meg til å møte fleire folk som også driv med det.

Ho fortel at dei fleste er godt vaksne folk som gjerne er 50 pluss, men at dei tek ho imot med opne armar og svarar på spørsmåla ho har.

Ein av dei var nettopp på besøk hjå ho, og såg på arbeidet hennar.

– Han er veldig erfaren og har bygd sånn hundre bilar og var tilfeldigvis i nærområdet etter eg har spurt om råd.

Då fekk ho tips, og sett på køyretøyet han sjølv hadde bygd. I tillegg fekk ho ein invitasjon til verkstaden hans, der han leier ut arbeidsstad for nokre hundrelappar, og der andre entusiastar mekkar med bilen sin.

– Eg skal gjere det sjølv, så eg tippar at om eg er to veker på den verkstaden, så får eg det ferdig,

På verkstaden får ho også andre erfarne folk som kan sjå over arbeidet hennar, og garantere at det er gjort bra nok.

@theahlied

*3 1/2*😅 #vanlife #vanlifeconversion #vanconversion #campervan

♬ оригинальный звук – banzai – banzai

Heile lønna blir borte

Den verkstaden kan ho likevel ikkje dra til før i september. Det er nemleg ikkje gratis å byggje camparvan.

– Det er mykje dyrare enn eg trudde, til og med då eg kjøpte bilen, fortel Thea.

For å spare pengar gjer ho alt sjølv, men også  dei grunnleggjande materiala er dyre.

– I stad bestilte eg lakk for 13 000 kroner. Eg bruker kanskje 35 000 kroner i månaden på bilen, altså heile lønna mi.

Difor har ho tre jobbar, som gjer at det går i eitt i sommar på både pizzarestaurant, kafe og veghjelp. Ho bur heime hjå foreldra for å spare pengar, og får også litt frå Lånekassen medan ho går på vaksenopplæring for å bli elektrikar.

@theahlied

Men jeg lover det har skjedd før #humor #norge #foryou

♬ suara asli – dhiesusongko – dhiesusongko

Ung kvinne som reiser åleine

Om ho blir ferdig i september, ser ho for seg å reise rundt i Noreg og Sverige dei dagane ho ikkje har skule. Etter eksamen i november, skal ho endå lenger.

– Eg budde jo eit halvt år i Spania, så eg har lyst til å reise ned dit og seie hei til gamle kjente.

Ho vil også innom Portugal og Sveits, og mange andre land. Det er likevel noko ho tenker litt på før ho skal ut og reise: kor trygge er landa?

– Eg reiser åleine som ei 20 år gamal jente, så det er litt viktig at eg føler meg trygg der eg er.

Uansett kvar ho er, gler ho seg til å verkeleg kunne nyte staden.

– Eg føler at kvar gong eg er på ferie så er det ei veke der eg stressar sjukt, fordi eg vil rekke alt.

Når ho har camparvanen sin, ein heim og transportmiddel på fire hjul, kan ho slappe av medan ho utforskar nye kulturar, møter nye folk, og tek seg god tid.

– Eg har alltid vore glad i å ommøblere rommet mitt ein gong i månaden, så det blir litt same kjensle å stå to veker ein stad, så kan ein ommøblere utsikta til noko heilt anna.

Thea er snart klar for å reise ut i verda, men først må bli ferdig med både bil og eksamen. | Foto: Privat