17 år gamle Alf Tore har seks bilar – men ikkje lappen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første helga i september var skjåkvær å finne på eit Saab-treff i Nordfjordeid.

17-åringen gler seg til å kunna køyra heilt åleine. Å dra dit ein vil, når ein vil – utan køyrelærar eller «onkel» som co-pilot.

Eventuelt be med seg ei dame – ei slik som kler ein Saab?

– Eg har seks bilar, men veit ikkje akkurat om det hjelper på damedraget. Blir nok betre når eg får lappen, smiler Alf Tore Forberg (17).

Første bil då han var 13 år

Alf Tore har lagt bak seg om lag 15.000 kilometer, men alltid med «L» i hekken og ein slektning eller køyrelærar i passasjersetet. Han vedgår å ha ein «arveleg sjukdom».

– Eg var 13 år då den gamle Saaben til mamma brått dukka opp på finn.no. Den måtte eg jo berre kjøpa. No har eg seks, men det finst fleire i familien, fortel han.

Allereie som 11-åring markerte han seg med innsats og interesse på Saabtreff i Skjåk, så mykje at Saab-miljøet i 2020 starta innsamling og sponsa det framtidige førarkortet hans.

– Det kjem vel på 20-25.000 kroner. Sidan eg har køyrt såpass mykje, sparar eg nok om lag 10.000 kroner samanlikna med dei som må ha fleire timar, seier han.

Arveleg «sjuke», eigne pengar

FEIRING: Alf Tore og ”onkel” Jonny sytte føre at det vart ”bil for tog” 17.mai i Skjåk, sjølv om viruset herja i 2020.
Foto: privat

Men den unge entusiasten betalar det meste av både bilkjøp og førarkort sjølv.

– Eg har jobba og tent pengar frå eg var liten. Under treffet for ti år sidan jobba eg på campingplassen, og seinare som avløysar i fjøs, litt vaktmeister, og som slåttehjelp hjå bønder her, seier han.

Nokre bilar har han fiksa på og selt, for å få pengar til nye prosjekt. Også studiane tek tid.

– Eg kan vera russ til våren, som mekanikar. Men eg vurderer å studera vidare innan karosseri og bilropprettingsfaget, seier han.

Og neste sommar blir det treff i den nyetablerte Saab-klubben i Skjåk. Der er Alf Tore og «onkel» Jonny, søskenbarn av mor hans, to av dei to største eldsjelene.

– Det er nok ein arveleg sjukdom det ikkje finst medisin mot. Eller kanskje meir som eit virus, det spreier seg – men i motsetning til covid går ikkje Saab over, smiler han.

Åse Brekke Roe kom på 5. plass i Yrkes-VM i Sao Paolo i 2015. Her frå konkurransen. Foto: WorldSkills/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0