I tillegg opprettar Ap eit utval som skal utvikle ny helse- og velferdspolitikk. Dette skal leiast av både helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og helsepolitisk talsperson Cecilie Myrseth.
– Vi skal løyse utfordringar folk og samfunn står overfor. Tryggleik for god helse og ein sikker jobb er det viktigaste i livet til folk, og Arbeidarpartiet skal vere garantisten for det. Derfor har sentralstyret sett i gang arbeid som skal gå fram mot landsmøtet i mai, seier statsminister og partileiar Jonas Gahr Støre.
- Les også meiningsinnlegget: «Unge ser jobbannonse etter jobbannonse der ein ser etter fleirårig erfaring frå arbeidslivet»
– Mange unge slit med å kome ut i arbeid
Nærare 100.000 unge under 30 år står utanfor arbeid, utdanning eller opplæring.
– For mange unge slit med å komme ut i arbeid. Det må vi gjere noko med. Arbeid til alle er framleis jobb nummer ein, og eg er takksam for tilliten til å formulere korleis vi skal få det til også i 2023, seier kunnskapsminister Tonje Brenna.
Dei to utvala har medlemmer frå partiorganisasjonen og fagrørsla. Dei skal presentere løysingane sine på Aps landsmøte 4.–6. mai.
Les også: Frode (29) er heismontør
