Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.12.2023 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er tryggare å køyra heis i Noreg enn bil, forklarar heismontør Frode Hals på telefon til Framtida.no.

Han viser til at norske heisar vert kontrollert årleg, i tillegg til ein større kontroll som vert gjennomført annakvart år. Til alle dei som spør om ein bør vera redd for å køyra heis, kan han difor avkrefta det.

Konkurrerte ut fire andre

29-åringen hadde eigentleg sett føre seg ein karriere som skipselektrikar då bestefaren til ein kamerat presenterte heismontør som eit godt og stabilt yrke.

– Eg ringde til han som var sjefen i Drammensavdelinga og lurte på om eg kunne få utplassering gjennom skulen. Det stod mellom meg og fire andre, og eg fekk to veker der eg fekk vise meg fram.

Då hadde Hals gått VG1 Elektro og VG2 elenergi, og etter to år i lære kunne han skilta med fagbrev som heismontør.

Ein vanleg dag på jobben

Ein vanleg arbeidsdag startar klokka 7 og er inkludert reisevegen frå Drammen til byggeplassen, der Hals jobbar med nyanlegg eller modernisering av heis. Først ser han over at alt er som det skal og at ikkje noko er forsvunne i løpet av natta, ein slags tryggleikssjekk.

Så går han i gang med å bygga heiskupeen, løfta føringar, montera motoren – han rett og slett byggjer ein heis. Etter ein halvtimes lunsj går han tilbake til arbeidet, før arbeidsdagen sluttar klokka 15 i Drammen.

At reisetida er inkludert slik at ein er ferdig på jobb til same tid uansett kor ein jobbar, er ein av tinga Hals set pris på at Schindler-klubben har forhandla fram.

– Det beste med jobben trur eg er gode arbeidsmiljøet me har, spesielt i avdelinga i Drammen. Og at det er ein føreseieleg kvardag. Eg reiser heimanfrå halv sju og er heime halv fire, så er det mogleg å jobba inn litt om ein vil avspasera ein fredag.

Til venstre byter Frode Hals drivskive og lager på motoren til ein av heisane på sjukehuset i Drammen. Til høgre monterer han og ein kollega motoren på ein ny heis. Foto: Privat

Lite heiskunnskap i skulen

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Nei, veldig lite. Om lag ingenting. Om eg skulle valt kva retning eg skulle gått for å bli heismontør ville det vore eit kryssløp med elektro på VG1 og mekken andreåret. Det er nesten meir sveising og skruing enn å kopla straum, men det er greitt med det elektriske i botn og litt meir mekanisk andreåret.

– Kva forventningar hadde du til yrket?

– Det er litt vanskeleg å seia fordi me ikkje lærte så mykje om heis, alt handla om energimontør og elektrikar. Heismontør var ikkje noko ein prata så mykje om.

Streikeryktet

Frode Hals (29) fotografert i arbeid. Foto: Privat

Etter fleire år i yrket kan Hals fortelja at yrket er veldig variert, ein vert aldri utlært på heis fordi det stadig kjem noko nytt på marknaden.

– Kva er det mest utfordrande med jobben?

– Tja, kva er det? Leiinga i bedrifta. Det er kanskje det som trekker mest ned at dei som sit på toppen og styrer har vanskeleg for å sjå det som føregår på golvet.

Hals opplever ofte at når han fortel om yrket sitt, så har folk eit inntrykk av at dei stadig streikar.

– Det heng saman med streiken i 2004/2005: Det ein streika for var ikkje løn, men arbeidsvilkår og mot sosial dumping. Det gjeld alle oss som jobbar på byggeplass. Har ein det ikkje greitt på jobb seier ein ifrå til Arbeidstilsynet, for ein skal ha det bra på jobb, presiserer Hals.

Lønnsmessig vert heismontørar ofte trekt fram som ei kort utdanning som gjev høg løn, sidan årsløna ligg på 500 000-700 000 kroner.

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg veit ikkje heilt. Når ein først er heismontør, så er det ikkje så mange andre val. Anten vert ein montasjeleiar, serviceleiar eller så kan ein gå teknisk fagskule, bli heisinstallatør og starta eige firma. Dei fleste blir verande der dei er til dei går av med pensjon, eller dei stig i gradene eller byter til heiskontrollen, forklarar Hals.

– Kven passar yrket for?

– Eg trur det passar for dei som er interessert i å utvikla seg. Det kjem stadig nye produkt, så ein blir aldri utlært. Ein må vera effektiv, hjelpsam og kunne tenkja sjølv. I vår avdeling er det mykje fridom under ansvar. Arbeidsleiar sjekkar ikkje opp, så du må vera på og gjera eit godt stykke arbeid, forklarar Hals.

Ta kontakt!

29-åringen sitt beste råd til dei som siktar mot jobben er å ikkje vera redd for å spørja om utplassering. Om dei ikkje tek inn lærlingar det året, kan det tenkjast at dei vil gjera det neste år, eller gje deg kontaktinfo til andre firma i området.

– Eg har ein veslebror som òg har fått jobb som heismontør. I firmaet vårt har me ein regel mot familiemedlemmar i same firma, men sjefen ringde til eit konkurrerande firma og bror min fekk jobben utan å ha hatt utplassering. Avstanden mellom firmaa er kort og går det dårleg med ei bedrift, skiftar ein berre farge på kleda og byrjar å jobba i neste firma, forklarar Hals.

Klippa snora

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Oi, det mest utrulege. Eg veit liksom ikkje heilt. Me bygde om ein heis i Vikersund. Då kom avisa og skreiv om oss og me fekk klippe over ein raud tråd. Det er eitt av dei største augneblikka eg har hatt, minnest Hals.


Foto: Aleksander Hømanberg/Posten