«Unge ser jobbannonse etter jobbannonse der ein ser etter fleirårig erfaring frå arbeidslivet»

Victoria Opheim Galåen (20)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag markerer arbeidarar over heile verda 1. mai, også kjent som arbeidarane sin internasjonale kampdag. Dette er ein dag der vanlege folk går i tog og kjempar for betre arbeidsvilkår.

Eg skulle ønske det var fleire unge som følte tilknyting til denne dagen, men i dag verkar vegen til arbeidslivet lengre for mange unge enn tidlegare.

Søknad utan svar

Det er mange unge i dag som ser jobbannonse etter jobbannonse der ein ser etter nokon med fleirårig erfaring frå arbeidslivet, og som sender søknad etter søknad utan å få svar.

Ifølgje SSB er det er langt fleire unge enn eldre som er arbeidsledige i dag.

Eg har vore så heldig å få tilliten til å vera konstituert dagleg leiar i UngOrg den siste månaden. Gjennom denne månaden har eg lært mykje som eg vil ta med meg vidare, men min situasjon er unntaket heller enn regelen.

Unge i dag treng tillit og moglegheiter, samtidig som det er eit stort behov for betre rettleiing og opplæring om korleis søke jobb.

Mange søkjarar

Det står ikkje på at unge har lyst på ein jobb, eller er motiverte for å bidra til det norske samfunnet. Sidan 1992 har vi drive informasjonssenteret UngInfo, der unge i Oslo kan få hjelp med alt dei måtte lure på. Vi ser ein stor auke i kor mange unge som ønsker rettleiing til å søke jobb.

I desember 2019 oppretta UngInfo Facebook-gruppa «Jobb for unge i Oslo», der vi publiserer relevante stillingsannonsar for unge. Ho har i dag vakse til rundt 13.500 medlemmer som alle er interesserte i å få seg ein jobb.

Diverre held det ikkje at ein er motivert for å få seg ein jobb, for mange unge har alt for lite kjennskap til jobbsøkeprosessen. Det gjer det endå vanskelegare å få seg ein jobb når det er så få stillingar som er retta mot unge i dag.

I dag er det veldig varierande kor god opplæring unge får innan å skrive jobbsøknad og CV, om ein i det heile teke får opplæring. Her trengst det eit løft. Alle unge bør ha tilgang på god og tilpassa opplæring i jobbsøkeprosessen, og skulane må bruka meir tid på å førebu unge på kva som krevst.

Sidan 2017 har talet på spørsmål UngInfo får om jobb auka i snitt med 30 prosent kvart einaste år. Dette viser tydeleg kor mange unge som treng rettleiing for å søke jobb i dag. For at fleire unge skal ha eit godt første møte med arbeidslivet er det viktig at det finst gode, tilrettelagde rettleiingstilbod til unge jobbsøkarar.

Arbeidsgjevar må våga

Men det held ikkje berre at unge skriv betre søknadar. Sjølv om dei færraste er ueinige i at ein burde satsa på unge, så er det få arbeidsgjevarar som vågar å satsa på unge.

Hos oss har vi som mål å gje tillit til unge både i tilsettingar og tillitsverv, og vi vektlegg gjerne erfaringar som unge har tilgang på like høgt som formell arbeidslivserfaring. Sjølv den minste erfaring kan fungera som eit springbrett inn i arbeidsmarknaden, men arbeidsgjevarar må våga å vere den første til å gje nokon denne erfaringa.

Fleire unge treng moglegheita til å ha ein jobb over tid og få erfaring og kunnskap. Som unge skal vi utvikla oss og finne ut kva det er vi får til og meistrar, og då er det viktig å kunne få praktisk erfaring og ansvar frå tidleg alder.

Mitt ønske for 1. mai er difor at arbeidsgjevarar ser verdien av å tilsetje unge menneske, og at ein gjev tillit og ansvar slik at fleire får moglegheita til å opparbeida seg verdifull erfaring frå ein er ung.


Masa Paunov og Kimiya Sajjadi. Foto: Big Enough Global