Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som skjedde var at vi alle vart betre. Det er det eg hugsar. Nokre vart betre enn andre, men alle utvikla vi oss. Både som skiløparar og som folk. Eg ser tilbake på den tida som nokre av dei mest definerande åra mine.

Det skriv Øystein «Pølsa» Pettersen (39) på e-post til Framtida.no, på spørsmål om han hugsar kva som skjedde då han var 20 år.

Dette var tida då han for alvor byrja satse på skiløpar-draumen.

Motivasjonsfluencer og Maskorama

Han har levd som profesjonell langrennsløpar store delar av sitt vaksne liv, og har mellom anna OL-gull å skilte med. I dag er han foredragshaldar og motivasjonsinfluencar på Instagram.

I 2022 gav han ut to bøker: Helt konge! og Helt deg!, to sjølvhjelpsbøker der han viser korleis du kan få eit betre liv. Helt deg! er retta mot unge og er ifølgje han sjølv ei bok som burde vere på pensum.

I fjor var han å sjå i Mesternes mester, der han kom på tredjeplass, og litt seinare på året som Rabagasten i Maskorama, der han også kom på tredjeplass. Han har også podkasten Gode dager med Hans O. Ingholm.

Pølsa og Trøndelag

Då han var 20 år budde han i Meråker, ei lita bygd i Trønderlag.

– Eg flytta dit etter vidaregåande for å gi draumen om å bli skiløpar ein skikkeleg sjanse.

Kallenamnet «Pølsa» fekk han ifølgje seg sjølv også under studietida på Meråker, då han for første gong kom i kondomdress under ei treningsøkt, og ein kamerat meinte han såg ut som ei «stappa julepølse» i dressen som var litt for liten.

Kvardagen i Trøndelag var lagt opp etter trening, men han studerte også idrett grunnfag.

– Studiane var tilrettelagt trening, ikkje motsett. Det eg hugsar frå den tida var ein gjeng kameratar som saman jobba mot ein felles draum, samstundes som vi hadde det veldig moro, fortel Pettersen.

Øystein Pettersen frå junior NM som 18 åring. Foto: Privat

Backstreet Boys for alle penga

Pettersen var 20 år i 2003 og kan om lag alle Backstreet Boys-låtane, ifølgje han sjølv.

– Eg har alltid vore glad i musikk og har lytta til mykje forskjellig opp i gjennom. Også på denne tida. Alt frå bra undergrunns-hip hop til Backstreet Boys.

Han budde på hybel og hadde ikkje særleg god råd – men dei tok seg råd til å kjøpe eit skikkeleg anlegg.

– Heller havregryn kvar dag og skikkeleg lyd, enn betre mat og dårleg lyd.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Oi, det veit eg ikkje om eg klarar å svare på. Det er så mange som har betydd så mykje for meg opp gjennom åra. Og det er eigentleg noko som har betydd mykje for mi eiga åtferd, fordi eg veit at dei rundt meg har påverka meg masse. Difor er eg medviten på å vere god mot dei folka eg har rundt meg.

– Treng ikkje ha alt på stell når ein er tjue

Sjølve 20-årsdagen hugsar han ikkje, men sidan det var i januar tippar han at dagen vart brukt til trening eller konkurranse.

Han hugsar likevel godt kven han var som 20-åring:

– Ein gut som var lidenskapeleg oppteken av å gjere det som skulle til for å ha ein sjanse til å bli olympisk meister. Så det er det eg hugsar frå dei åra.

Målet var å bli skiløpar, utover det var det lite konkrete planar.

–  Og eg fortel ofte ungdom at dei ikkje treng å ha alt på stell når dei er tjue. Mi erfaring er at det er viktigare å definere korleis du vil opptre, enn det er å planlegge korleis livet ditt skal bli. Om du, flåsete eller ikkje, er deg sjølv på ditt beste, vil livet ditt gje deg mykje av spanande opplevingar og relasjonar.

2010: Seiersseremoni på Medal Plaza: Langrennsløparane Petter Northug (th) og Øystein Pettersen saman, med gullmedaljane etter å ha vunne OL-gull i langrenn lagsprint under i OL Vancouver 2010.
Foto: Janerik Henriksson / Scanpix

– Ser meining med det eg gjer

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg har alltid vore livsglad, og det trur eg heng saman med at eg alltid har sett meininga med den jobben eg har lagt ned. Så eg såg, og ser framleis, lyst på både livet og framtida. Fordi eg ser meining med det eg gjer.

Om han hadde møtt seg sjølv som 20-åring, ville han blitt imponert over pågangsmotet.

– Og bedt meg om å klippe meg og heise opp buksa.

Skulle han gitt eitt råd til seg sjølv, ville det vore dette:

– Ver deg sjølv og gjer ditt beste, og dessutan ta vare på deg sjølv og dei rundt deg.


Les også: Då eg var 20: Aidsepidemien herja, og Robert Stoltenberg var redd for å klemme andre

På bilete til venstre er Robert Stoltenberg 20 år. Til høgre er han i dag. Foto: Privat