Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det sterkaste minnet var å flytte til Sandefjord. Det var veldig nytt for meg å stå heilt på eigne bein, og forstå at verda er større enn Oslo aust. Dette lærte eg enormt mykje av. 

Då Bjarte Myrhol var 20 år gamal, i 2002, hadde han nettopp flytta for å spele handball hjå eliteserielaget Sandefjord.

– Det var ei stor omvelting av livet mitt, men kanskje også det aller smartaste valet eg har gjort nokon gong.

Spelaren med flest landslagskampar

Bjarte Myrhol vart verande i Sandefjord i fire år, før han igjen pakka sakene sine og flytta handballkarrieren til utlandet.

Som 20-åring hadde Bjarte Myrhol akkurat byrja spele for Sandefjord. Her frå NM-kvartfinale mot Heimdal. Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Strek-spelaren har spelt i ungarske Veszprem, hjå tyske Nordhorn og Rhein-Neckar Löwen for han vende snuten mot Danmark, der han spelte i Skjern fram til han setje handballskoa frå seg. Myrhol hadde eit lite comeback på handballparketten før sommaren, då han steppa inn som strekspelar på storlaget Kiel, som sleit med skadde spelarar.

I karrieren har Myrhol vore rekna som ein av verdas beste strekspelarar, og han har fått plass på all star-laget i to verdsmeisterskap.

Myrhol har vore kaptein på det norske herrelandslaget, og har spelt heile 263 kampar med flagget på brystet. Det gjer han til spelaren med flest landskampar.

I dag driv den tidlegare proffspelaren organisasjonen Learn Handball, som arbeider for å skape handballglede hjå barn. Gjennom organisasjonen kan barn få treningstips og lære triks av handballstjerner som Sander Sagosen, Stine Bredal Oftedal og Nora Mørk.

Måtte stå på eigne bein

Som 20-åring sjonglerte Bjarte Myrhol handballkvardagen med å studere, noko han har gjort store delar av karrieren.

– Eg har studert på BI, utan at det gjekk spesielt godt. Teke idrett grunnfag, grunnfag i journalistikk og grunnfag i medisin, forklarar 40-åringen.

Myrhol har alltid likt å høyre på musikk, og han hugsar godt albumet frå Damien Rice som kom ut på den tida.

20-årsdagen sin hugsar han derimot ikkje, for dei har heller aldri vore særleg viktige for han, men:

– Det var veldig mykje handball på den tida, så var sikkert i ein eller annan hall, spekulerer han.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt og kvifor?

– Heilt ærleg, så hadde eg ikkje ein person som var den viktigaste i livet mitt då eg var 20 år. Eg måtte stå på eigne bein og klare meg sjølv.

Bjarte (40) om Bjarte (20): – Klipp deg

Myrhol fortel at han som 20-åring var ein optimist, noko han framleis er i dag.

– Levde frå dag til dag, og nesten time til time, fullstendig utan bekymringar. Tenkte at alt ordnar seg for snille gutar.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg hadde tenkt: Klipp deg, og få meir struktur på livet ditt.

– Kva råd ville du gjeve til deg sjølv?

– Les boka 7 gode vaner. Skaff deg nokre verktøy for korleis du kan få litt struktur i livet.


Som 20-åring reiste Nils-Ingar Aadne på turné og drøymde om å leva av standup. 20 år seinare gjer han nettopp det. Foto: Svein Finneide, privat