Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I går kveld fekk eg ikkje sove, for eg lurte slik på om kollegaen min hadde fått tak i ho i Bergen. Eg gledde meg for mykje til å kome på jobb for å høyre, fortel Anne Lund Zimmermann på telefon til Framtida.no.

54-åringen er juledetektiv i Posten, og allereie etter sin andre arbeidsdag er ho så engasjert i arbeidet at ho mister nattesøvnen.

– Eg får gjere ein veldig god ting. Kanskje kan eg redde jula for ein gut på 10 år som skal få ein pakke frå bestefar?

Juledetektiv

Til vanleg arbeider Anne Zimmermann som kundekonsulent i kundeservice-avdelinga til Posten/Bring.

Eigentleg var det snikkar ho såg føre seg å verte, men med både ein bror og ein svoger i Posten, så gjekk vegen dit.

No har Zimmermann arbeidd i postdistributøren i heile 27 år, men i år er første gong ho har teke fatt på jobben som juledetektiv.

På kontoret har juledetektivane sitt eige vesle julehjørne: – Når det nærmar seg jul, kan det vere eg har musikk på telefonen med lågt volum, slik at berre eg og kollegaen min høyrer utan å vere til bry for dei andre, fortel Zimmermann. Her med detektivkollega Liss Nina Hansen. Foto: Aleksander Hømanberg/Posten

Forgjengaren hennar, Åse Marie Lerfald, hadde jobben i 19 år før ho nyleg vart pensjonist.

Då kom sjefen til Zimmermann og høyrde om ho kunne tenke seg å vere detektiven som sporar opp eigaren av bortkomne gåver.

– Eg gledde meg veldig til å byrje. Eg var spent på om vi kom til å få pakkar å arbeide med i det heile, fortel ho.

54-åringen fortel at ho likar å løyse mysterium, og at ho òg som kundekonsulent må finne ut kor forsvunne pakkar har teke vegen. Men som juledetektiv etterforskar ho dagen lang.

Julegåvejakta

I fjor var det kring 150 pakkar som hadde forvilla seg i Posten. 74 av desse gåvemysteria vart løyste, slik at dei kom til rett heim til jul.

Zimmermann fortel at folk vanlegvis er flinke til å pakke gåvene ordentleg. Likevel, nokre gongar glepp det.

Ein vanleg dag som juledetektiv startar difor med ein tur ned på ubesørgelig avdeling. Der hamnar alle pakkar og brev som av ein eller annan grunn ikkje har kome fram.

– Nokre adressekort er uleselege, eller kanskje halve har falle av. Nokre gåver har òg falle ut av postpakkane sine, forklarar Zimmermann.

Anne Lund Zimmermann er frå Larvik, men bur i dag i Nittedal. Foto: Aleksander Hømanberg/Posten

I løpet av dei første par dagane har juledetektivane fått seks gåver på bordet. Tre av desse har dei funne ut kor skal – ein skulle til Brasil, ein til Tyskland og ein til Bergen.

Nokre hint har detektivane gjerne å arbeide frå. Pakkane har til/frå-lapp med namn på, og nokre gongar heng ein lapp ved som syner kvar pakken vart levert inn.

I tillegg vert alle dei bortkomne pakkane registrerte på nettsida til juledetektiven, slik at folk kan sende tips om kven som er rette mottakar. Nokre gongar lyt juledetektivane ty til lokalavisene for å finne rette heim.

– Men vi kan aldri opne sjølve julegåva.

Gåve på avvege

Ei av julegåvene fann juledetektivane heimen til på onsdag. Då hadde dei granska seg fram til at pakken skulle til ei adresse i Bergen.

– Vi snakka med han som budde der, men det var ikkje hans gåve.

Detektivane laut ringe vidare. Dei fekk namnet på husverten, som kunne fortelje at mottakaren nyleg hadde flytta ut. Men ho skulle ta kontakt:

– Så ringde ho oss i dag tidleg. Ho fortalde at det var bror hennar i Frankrike som hadde sendt gåva, og han hadde ringt for å spørje om ho hadde fått den. Det var kjempegøy! fortel Zimmermann entusiastisk.

For å sikre at det er rette person som får ei gåve under treet, så lyt ein svare på ei rekkje kontrollspørsmål.

Årets to juledetektivar: Anne Lund Zimmermann og Liss Nina Hansen. Foto: Aleksander Hømanberg/Posten

Tomt bord til jul

Desember er ein hektisk månad i Posten, med mange pakkar og brev som skal til inn- og utland.

– Vi førebur oss på det, dei elleve andre månadane i året. I desember skrur vi opp eit hakk og det synest vi er gøy.

Om ei julegåve på avvege vert oppdaga og spora opp sjølv på veslejulaftan, så betalar Posten for ekspresslevering slik at ho skal kome fram i tide.

– Mottoet vårt er at det skal vere tomt bord til jul, seier Zimmermann.

Kva skjer med gåvemysteria som ikkje vert løyste?

– Dei går tilbake til ubesørgeleg avdeling. Der ligg dei i eitt år, og om ingen hentar dei, så vert dei donerte til ein velgjerdsorganisasjon. Det er også veldig hyggeleg, når ein trass alt ikkje finn eigaren.

Søk

Anne Lund Zimmermann meiner jobben som julegåve-detektiv kan passe alle.

Du må vere litt utåtvend, blid og hyggeleg. Løysingsorientert, tolmodig og takle stress i periodar, men i utgangspunktet passar den til alle.

Ho rår unge som kunne tenkt seg å arbeide i Posten eller drøymer om ein annan jobb, om å ta sjansen, sjølv om ein kanskje ikkje møter kvalifikasjonskrava.

– Søk likevel. Vi søker også personlegdomar, og om du kjem til intervju, så kan du vere rett person. Ikkje ver redd for å søkje – alle har noko positivt dei kan bidra med.

Sjølv trivest Zimmermann så godt at ho vil halde fram i Posten til ho går av med pensjon.

– Det at eg får gleda andre menneske, og kan hjelpe dei. Det er fantastisk.


Kva med å finne ei unik julegåve frå norske småbedrifter i år? Kollasj: Framtida.no