VGS-elevar gjekk glipp av 40 millionar kroner i stipend førre skuleår

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi veit ikkje kvifor nokon lèt vere å søkje om utstyrsstipend. Eg oppmodar alle til å søkje på dette stipendet, som alle med ungdomsrett på vidaregåande har rett på, seier administrerande direktør Morten Rosenkvist i Lånekassen i ei pressemelding.

Utstyrsstipendet, som elevane kan søkje om på Lånekassens nettsider, skal gå til nødvendig utstyr til undervisninga. Kor mykje ein får, avheng av studieretninga.

Av dei 180.000 VGS-elevane som har rett til dette stipendet, var det 15 000 elevar som lét vere å søkje, medan 5000 lét vere å signere for stipendet, noko som gjorde at dei ikkje fekk utbetalt pengane.

I fjor betalte Lånekassen ut 322 millionar kroner i utstyrsstipend. I forslaget sitt til statsbudsjett har regjeringa foreslått å auke satsane for stipendet frå fire satsar til fem.


illustrasjon med ein ung mann og pengar.

FRÅ SMÅTT TIL STORT: Det er mange forskjellige ting i statsbudsjettet som kjem til å påverke økonomien din. Illustrasjon: Canva.com