Reagerer på NRK-ytring: «Framstår som eit forsvar av Black Friday og overforbruk»

Matilde Angeltveit
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sin eigne meiningar.

Eg er provosert over karakteristikkane og verdsbilete Trond Blindheim skisserer i NRK-innlegget «Over og ut for Black Friday?».

Han skildrar klimaengasjerte og samfunnsbevisste forbrukarar som «privilegieblinde grønne godhetsapostler som skal redde verden». Fy søren, eg blir kvalm.

For eg les dette i lys av klimaforskarar som går ut og seier dei kvir seg for å formidle forskinga si i offentlegheita grunna hets og trugslar.

Eg les det med Barnas klimapanel sin nyaste rapport i bakhovudet. Han viser at berre 1 av 6 barn meiner dei har ein påverknad på klima- og miljøpolitikk, og berre 14 prosent av norske barn meiner at politikarane gjer nok for klima.

Vi treng endringsvilje blant folk flest

Miljøaktivistar er uroa for framtida si. Vi kjempar for å bevare økosystema heile vår eksistens baserer seg på. Vi vil unngå katastrofale øydeleggingar på både infrastruktur og menneskeliv, slik flaumen i Pakistan har ført til. Dette kan ikkje bli den nye normalen.

Då treng vi god politikk, men vi treng og auka medvite og endringsvilje blant folk flest.

Det kan vi gjere på to måtar: nedanfrå opp eller ovanfrå ned. Eg meiner vi treng begge deler. Men det Blindheim gjer, er å angripe og freiste å delegitimere nedanfrå-opp-strategien. Den mest demokratiske og liberale måten å løyse klimakrisa på – auke medvitet og dermed få folk til sjølv, frivillig, å endre vanane sine.

Arkivfoto frå klimastreiken i mai 2019. Foto: Mateo Jimenez Tilrem

Unødvendig polarisering

Blindheim sitt innlegg framstår som eit forsvar av Black Friday og overforbruk – og eit angrep på miljørørsla. Det får meg til å stusse. Kva slags framtid er det eigentleg han ser for seg? Skal vi ha Black Friday i all framtid? Eg håpar ikkje det.

Forskarane predikerer at det vil vere meir plast enn fisk i havet innan 2050. Kan vi ikkje ein gong vere samde om at gjenbruk er bra, og overforbruk er litt dumt?

Alle synest vel det er fint med lenger levetid på varene våre, mindre bruk og kast, meir redesign og byting og leige og deling og reparasjon?

Eg opplever at Blindheim bidreg til ei unødvendig polarisering av klimadebatten. Han skildrar klimaaktivisme som ein kamp mot «miljøsvina som bruker pengene sine på alt mulig krimskrams de sikkert ikke trenger på salg». Han tek feil.

Klimarørsla er ein kamp mot handlingslamming. Det er ein kamp mot apati, og ein kamp mot oppfatting om at «det eg gjer ikkje har noko å seie». Men det har aldri vore ein kamp mot enkeltpersonar.

Vi står midt i ein klimadugnad. Men Blindheim er personen som latterleggjer initiativtakarane til dugnaden. Slikt tull har vi ikkje tid til.

Vi treng alle med på laget

På søndag fekk eg halde Noregs sluttinnlegg på FNs klimatoppmøte. Då sa eg til verdas leiarar at vi treng at dei er modige.

Vi treng at dei gjer alt som står i deira makt. Vi forventar meir av dei, fordi alternativet til ei radikal oppskalering av ambisjonar og implementering av klimainnsatsen, vil skape ei verd ingen av oss ønskjer å leve i.

Men skal vi få til det, treng vi alle med på laget – også deg som handlar på Black Friday.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Illustrasjon: Canva/Framtida.no