Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blei veldig overraska og så blei eg veldig glad!

Det seier Juni Sletten Sætervik på telefon til Framtida.no etter å ha fått vite at ho er vinnaren av skrivekonkurransen om håp for framtida.

17-åringen frå Gossa, ei øy i Romsdalen, har skrive innlegget «Eg kan ikkje vere den einaste», som handlar om korleis det er å oppleve uønskte seksuelle tilnærmingar og om at ho vonar det vil kome på plass ei samtykkelov.

– Bør bli snakka meir om

I skrivekonkurransen søkte Framtida.no og Magasinett tekstar om håp for framtida og kva ein forventar av stortingspolitikarane dei neste fire åra. Juni Sletten Sætervik fortel at ho er oppteken av politikk, og mellom anna medlem av Natur og Ungdom, og at ho brukte veldig lang tid på å bestemme seg for kva tema ho ville skrive om.

– Eg trur kanskje eg skreiv to andre tekstar før eg enda opp med å skrive ein heilt ny tekst om dette temaet. Eg gjekk eigentleg berre rundt og lurte på kva eg skulle skrive om, og plutseleg så kom eg på at dette er noko som eg er veldig oppteken av.

I teksta si skriv Sætervik om at ein ikkje skal kjenne seg å aleine i å føle på ubehag rundt uønskt seksuell merksemd. Ho dreg fram døme fleire kan kjenne seg att i, som å ha noko å forsvare seg med tilgjengeleg når ein går ute, og å oppleve å «stivne» i ein ubehageleg situasjon.

«Eg kan ikkje vere den einaste som ringjer venninna mi på FaceTime når eg går aleine ute om kvelden. Eg kan ikkje vere den einaste som synest det er ubehageleg at eldre menn stirar på meg mens eg går i byen. Eg kan ikkje vere den einaste som held eit ekstra hardt grep rundt noko eg kan forsvara meg med, i tilfelle det kjem nokon, og eg kan ikkje vere den einaste som alltid må ha mobilen med meg uansett kor eg går. Det kan ikkje berre vere meg», skriv ho i teksta.

– Kvifor tenker du at dette er eit tema det er viktig å snakke om?

– Det er noko eg høyrer om ofte og som eg har opplevd sjølv. Og når eg veit at det er såpass mange som eg kjenner som eg veit har opplevd det same som meg, så synest eg at det bør bli snakka meir om, for det er såpass viktig.

Treng ei samtykkelov

Sætervik håpar dei som les teksta hennar sit att med eit inntrykk av at dette er viktigare enn dei kanskje trur og at dei anerkjenner at det er eit problem. Vidare vonar ho det vil inspirere til ei haldningsendring.

– Vi treng ei samtykkelov, og det har vi fått vite no at det blir, så det er jo veldig bra, slår ho fast.

I regjeringsplattforma som nyleg blei lagt fram, er Arbeidarpartiet og Senterpartiet samde om at Noreg skal ha ei samtykkelov. I Hurdalsplattforma heiter det at dei skal «Greie ut korleis det kan innførast ei endring i straffelova slik at ordlyden speglar at seksuell omgang utan samtykke er forbydd og definert som valdtekt, og leggje fram forslag om det».

I dag er det 13 land i Europa som har ei slik lov, mellom anna våre nordiske naboland Sverige og Danmark.

I tillegg til at Juni Sletten Sætervik meiner regjeringa må innføre ei samtykkelov, er ho oppteken av at det òg må ei haldningsendring til.

– Dei må nå ut til skulane. Ein må kanskje betre seksualundervisinga og skape ei haldningsendring blant elevane i skulane.

Skulle skrive bok som 7-åring

Juni Sletten Sætervik går andreåret på innovasjon og leiing på Romsdal vidaregående skole i Molde. Ho fortel at ho alltid har vore glad i å skrive.

– Eg skulle jo skrive mi første bok då eg var sju år, så det er noko eg er glad i, men det er lenge sidan eg har skrive no.

Ho fortel at ho har mange idear og tankar om kva ho har lyst til å gjere i framtida, men ho har ikkje bestemt seg for noko. Ho trur likvel det kan bli meir skriving framover.

– Eg trur det. Det var jo motivarande at eg vann konkurransen.


Informasjonsvideoen er produsert av Hacienda Film, og regissert av Emilie Beck. Skjermdump frå videoen.