– Mange trur at Noreg var eit fattig land før olja, men det stemmer ikkje

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olje og gass er den store bidragsgivaren til bruttonasjonalprodukt (BNP) i Noreg. Frå september til oktober i år har samla BNP i løpande priser sokke med 8,3 prosent på grunn av lågare prisar på eksportvarer, hovudsakeleg olje og gass.

Men frå 2020 til 2021 har samla BNP for Noreg, inkludert olje- og gassutvinning, røyrtransport og utanriks sjøfart, auka 21,5 prosent i løpande priser. Det var den høgaste auken i nominelt BNP på fleire tiår.

Samtidig blir diskusjonen og demonstrasjonar for å fase ut olja styrkt, men ingen er sikre på kor vegen går etter ei eventuell utfasing av olja for oljelandet Noreg.

Les også: Statsbudsjettet 2023: Lyser ikkje ut meir oljeleiting før 2025

Ola Honningdal Grytten er professor i økonomisk historie ved Norges handelshøgskole i Bergen. Foto: NHH

Verdiskapinga held fram

Ola Honningdal Grytten er professor i økonomisk historie ved Norges handelshøgskole i Bergen og har vore spesialrådgjevar for Noregs Bank. Han har sett på BNP-tala for Noreg frå 1816 til i dag.

– Mange trur at Noreg var eit fattig land før olja, men det stemmer ikkje. Samanlikna med andre land på same tid var Noreg velståande på 1800-talet og fram til 1970-talet, men då olja blei funnen gjekk vi frå å vere eit velståande land til eitt av dei mest velståande landa.

Denne veksten olja har gitt oss har berre auka den siste tida.

– I 2020 var verdiskapinga olja gav BNP på 12 prosent, i 2021 var ho på 23 prosent, seier Honningdal Grytten.

Stat og privat

Knut Anton Mork er professor emeritus ved NTNU og BI og makroøkonomisk rådgjevar for Garantum Wealth Management. Han har òg skrive boka «Oljeeventyret – som kom og gikk».

Mork seier det store bidraget oljesektoren har på BNP har skapt eit velståande land sterkt knytt til sektoren. Det spesielle med oljenæringa på norsk sokkel er likevel at ho har føretrekt å kjøpe norske varer og tenester.

– Vi har ein naturressurs som har vore kjelde til velstand, men det viktige med olje og gass er at dei ikkje eksisterer i isolasjon. Oljeselskapa kjøper varer og tenester av ulike slag, om det er direkte utstyr og plattformer eller røyrleidningar, vedlikehaldsekspertise, finanstenester, juridiske tenester og it-tenester. Alt dette kunne dei ha kjøpt i utlandet, men ville helst få det frå partnarar her heime, seier Mork.

Halvparten av fastlandsøkonomien i Noreg er direkte eller indirekte påverka av oljeverksemda og direkte eller indirekte påverka av leverandørar, underleverandørar eller under-underleverandørar. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Dette har òg skapt ein rik privat sektor i Noreg.

– Dette har betydd mykje for næringslivet langs kysten. I Noreg er halvparten av fastlandsøkonomien direkte eller indirekte påverka av oljeverksemda og direkte eller indirekte påverka av leverandørar, underleverandørar eller under-underleverandørar.

– Nokre seier vi har ein rik stat og ein fattig privat sektor i Noreg, men det er feil. I Noreg er begge rike, seier Knut Anton Mork.

Overgangsperiode

Mork har jobba med olje i 45 år. Han byrja i ein amerikansk institusjon som heitte MIT Energy Laboratory. Der analyserte han verknader av oljekrisa på 70-talet frå eit amerikansk perspektiv.

Då han flytta tilbake til Noreg på 80-talet kom han heim til eit oljeland med andre problemstillingar.

– I USA var prissjokket at prisane på olje gjekk opp, i Noreg var det eit oljeprisfall som var sjokket.

Om olja blir fasa ut, vil det ifølgje Mork ikkje påverke arbeidsmarknaden over lengre tid.

– Det vil kanskje vere ein overgangsperiode med noko arbeidsløyse, men på lengre sikt vil vi finne arbeid. Det som truleg vil skje er at lønna ikkje vil vere like høg, korkje for eigarar eller tilsette.

– Den store oljeinntekta vår har skapt velstand som vi har blitt vande med. Allereie no ser vi at fleire har problem med å tilpasse seg høgare renter og prisar. Trass i at vi framleis har det godt, er det ikkje like roseraudt som på midten av 2010-talet.

Framtidig vekst utan olje

Mork meiner at det ikkje er interessant kva næring eller sektor som er størst på BNP.

– Kva næringar som står fremst i statistikken er litt tilfeldig. Hadde ikkje olja vore der, ville arbeidskraft, kapital og sysselsetting vore investert andre stader som hadde skapt verdiskaping der. Det som blir viktig i tida framover er ikkje naturressursar, men kor kompetente og oppfinnsame vi er på å få til ny verdiskaping. Tida framover får vise om vi er gode nok der eller ikkje.

Honningdal Grytten meiner òg at veksten i BNP ikkje vil bli avgjort av naturressursar som olje og gass, Han meiner den viktigaste vekstfaktoren i eit land er produktiviteten.

– Den viktigaste vekstfaktoren i eit land er i kor produktive dei er i produksjonen og i å sette saman produksjon. Dette betyr meir enn olje og naturressursar. Eg er difor ikkje bekymra for at olja skal bli fasa ut, men eg er bekymra for at vi har blitt vande til ein pengebruk frå olja som hindrar oss i å vere produktive nok til å skape vidare vekst.

Cornelia Reichmann (23) fotografert under ein aksjon mot statoil sitt forsingssenter på Rotvoll i Trondheim. Foto: stoppoljeletinga.no