Vekas viktigaste: Ny dansk regjering, gjennombrot i kjernekraft og streik i Storbritannia

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stort energigjennombrot i USA

Sola

Sola er ein av plassane der det naturleg skjer fusjon, der hydrogen smeltar saman til helium. Foto: NASA/SDO (AIA), Public domain, via Wikimedia Commons

Denne veka kunne den amerikanske energiministeren fortelje verda at dei har fått eit gjennombrot når det kjem til fusjonsteknologi.

Fusjon er ein prosess som skjer på atomnivå. Det er slik nye grunnstoff blir danna. To forskjellige atomkjernar smeltar saman under høg varme til eit nytt grunnstoff. Når dette skjer blir det frigjort energi. Denne prosessen skjer naturleg i stjerner, men har vore vanskeleg å nytte for menneske, fordi oppvarminga krev mykje energi.

No har forskarar likevel fått til denne prosessen slik at det blir frigjort meir energi frå prosessen enn det krev å setje han i gang. Det tyder at det er mogleg å bruke fusjon som ei energikjelde.

Fusjon er ein type kjernekraft, men kjernekrafta som blir brukt i dag er fisjon. Då blir atomkjernar spalta opp, i staden for å bli smelta saman. Med fisjon får ein radioaktivt avfall, som blir brote ned veldig sakte. Fusjon har derimot ikkje noko avfall, og er difor ei miljøvenleg energikjelde.

Førebels vil det ta tid før fusjonskraft blir produsert i stor skala, men dette gjennombrotet viser at det er mogleg.


Viggo Kristiansen vart frikjent i Baneheia-saka

Borgarting lagmannsrett

Borgarting lagmannsrett. Foto: Anne-Sophie Ofrim, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons

I 2002 vart Viggo Kristiansen dømt for drap og valdtekt av to jenter som vart funne i Baneheia ved Kristiansand. Rettssaka mot både Kristiansen og Jan Helge Andersen, den andre personen dømt for drap og valdtekt, fekk mykje merksemd på denne tida.

Saka mot Kristiansen vart teken opp att i 2021. Kristiansen har alltid sagt at han er uskuldig dømt, og Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker meldte i oktober at dei ville tilrå frifinning etter ny etterforsking.

Denne veka vart Kristiansen offisielt frifunnen for drapet han har sona 21 år i fengsel for. Han er framleis dømd for mellom anna gjentekne overgrep mot ei mindreårig jente i perioden 1994–1996. For dette fekk Kristiansen ti månader, ei fengselsstraff han allereie har sona.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) kom med ei offisiell unnskyldning på vegner av Regjeringa til Kristiansen etter han vart frifunnen i Baneheia-saka. Dei vil utnemne eit utval for å undersøke korleis feildømminga skjedde.


Historisk sjukepleiarstreik i Storbritannia

Markering i London for sjukepleiarar.

Illustrasjonsbilete frå ei markering i januar 2021 i London. Foto: Photo by Ehimetalor Akhere Unuabona on Unsplash

Rundt 100 000 sjukepleiarar tilsett i det statlege helsevesenet (NHS) i Storbritannia gjekk ut i streik på torsdag. Dette er den største streiken som fagforeininga for britiske sjukepleiarar (RCN) nokon gong har gjennomført.

NHS har i lengre tid hatt for låg bemanning av helsearbeidarar, og pandemien påverka desse ekstra hardt. Sjukepleiarane ber no om lønnsauke og fleire tilsette.

Lønna til sjukepleiarar skal ha gått ned med 1,2 prosent kvart år mellom 2010 og 2017 dersom ein reknar med inflasjon. No vil dei ha ei lønnsauke på 5 prosent over inflasjon, det vil seie ein lønnsauke på rundt 19 prosent til saman. Den britiske helsesekretæren Steve Barclay har sagt at dei ikkje har råd til å oppfylle desse krava.

Streiken blir i første omgang berre gjennomført to dagar: torsdag denne veka og tysdag neste veke.


Ny dansk regjering

Mette Frederiksen

Mette Frederiksen har danna ny regjering. Her frå då ho besøkte landsmøtet til arbeidarpartiet i 2017. Foto: Sandra Skillingsås/Arbeidarpartiet

Den danske statsministeren Mette Frederiksen presenterte denne veka ei ny dansk regjering. Danmark hadde val i november, men det er først no dei har blitt einige om kven som skal styre.

Den nye regjeringa er eit samarbeid mellom partia:

  • Sosialdemokratiet (S), med partileiar Mette Frederiksen som statsminister.
  • Venstre (V), med partileiar Jakob Ellemann-Jensen som visestatsminister og forsvarsminister.
  • Moderaterne (M), med partileiar Lars Løkke Rasmussen som utanriksminister.

Sosialdemokratiet ligg på venstresida i dansk politikk, tilsvarande Arbeidarpartiet, medan Venstre er liberalistisk og Moderaterne er borgarlege, men orienterer seg mot sentrum.


Flaum i Den demokratiske republikken Kongo

Kongoelva ved Kinshasa i 2013

Illustrasjonsbilete. Kongoelva ved Kinshasa i 2013. Foto: Serein, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Minst 120 personar har døydd etter hovudstaden Kinshasa i DR Kongo vart utsett for flaum. Ifølgje styresmaktene er dette den verste flaumen på fleire år i dette området. Mange av dødsfalla kom av jordras som vart utløyst av flaumen.

I tillegg til dette er fleire hovudvegar dekt av vatn og bustader har kollapsa. President Félix Tshisekedi skuldar på klimaendringar for den uvanlege flaumen. Han seier landet hans ikkje får den støtta dei treng til å handtere slike hendingar.

Hovudstaden Kinshasa ligg like ved Kongoelva, som har størst vassføring i heile Afrika. Noko av grunnen til dei store øydeleggingane er ei auke i folketal med fleire billige bustader som blokkerer nokre av stadene vatnet ville rent vekk.


✨Vekas lyspunkt✨: Det engelske landslaget adopterer katten Dave

Katten Larry som bur i statsministerbustaden, tvitra ein velkomst til katten Dave.

Katten Larry som bur i statsministerbustaden i Storbritannia, tvitra ein velkomst til katten Dave. Foto: Skjermdump frå Twitter.

Det engelske landslaget stikk ikkje heim frå verdsmeisterskapet i fotball åleine. Dei har bestemt seg for å ta med seg katten Dave tilbake til England.

Dave er ein lauskatt som vart ein fast gjest ved laget sine middagar medan dei var i Qatar. Spelaren John Stones byrja å kalle han «Big Dave» etter han forsynte seg godt av maten. Opphavleg sa laget at dei skulle ta han med heim, dersom dei vann meisterskapet. Trass i at det ikkje vart siger, hadde dei vorte så glad i katten at dei likevel adopterer han.

Etter å ha kome til England skal Dave til ein veterinær, og vere i ein karantene på fire månader, før han kan venne seg til sin nye heim.


Hugsar du kva som skjedde førre veke?

Kollasj av framtida. Foto: Presidencia Perú, CC BY 2.0, via Flickr, Norges Bank, Boris Roessler/dpa via AP, NTB