«Treng me eigentleg skulegudsteneste siste skuledag?»

Tiril Høiland (16)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget fekk 2.-plass i Framtida, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar.

På juleavslutning på barneskulen og ungdomsskulen gjekk me i kyrkja siste skuledag.

Dei fleste elevane gjekk i kyrkja, men det var alltid nokon som ikkje blei med på grunn av religion eller andre grunnar. Dette syntest eg var dumt. At elevar skal bli sette på «sidelinja» av klassen berre på grunn av religion, synest eg er unødvendig.

Kvifor er det ein tradisjon at elevar går i kyrkja siste skuledag?

Sjølv om alle elevar har rett til fritak frå aktivitetar i skulen på grunn av religion eller livssyn, synest eg at å gå i kyrkja siste skuledag er ein tradisjon me ikkje treng å ta med oss vidare. Alt for mange elevar føler at dei ikkje passar inn fordi dei ikkje har same religion eller livssyn som fleirtalet i klassen.

Fellesskap før ferien

I kapittel 1.2 i Overordna del – verdiar og prinsippa for grunnopplæringa står det at «skolen skal gi elevane historisk og kulturell innsikt, og bidra til at kvar elev kan vareta og utvikla sin identitet i eit inkluderande og mangfaldig fellesskap» (Utdanningsdirektoratet 2019).

For å oppfylle dette kravet går mange skular i kyrkja når det er jul. Å gå rundt juletre, synge julesongar og sjå ein julefilm er også ein måte å formidle tradisjon og kultur.

Kvifor gjer me ikkje meir av dette siste skuledag? Aktivitetar som dette er noko som dei aller fleste elevar har glede av. Å sitte og sjå ein film og kose seg med venner. Eit slikt opplegg bidrar også til eit fellesskap i klassen før ferien.

Avslutning på skulen

Siste skuledag er noko alle elevar skal glede seg til og ikkje grue seg til.

Religionen skal ikkje bestemme om du får ha avslutningsdag med klassen eller ikkje. Derfor synest eg det er veldig bra at skular ikkje får gå i kyrkja, og seie god juleferie rett etterpå. No må klassane tilbake på skulen for å avslutte der. Dette tenkjer eg er eit steg i rett retning. At dei har meir tid saman som ein heil klasse før ferien.

Eg trur det vil ta lang tid før denne tradisjonen ikkje finst lenger. Derfor er det veldig viktig at det alternative opplegget som skal tilbydast er eit ordentleg opplegg. Nokre plassar blir det alternative opplegget til undervisning i KRLE-faget. Dette held ikkje. Alt fagstoff skal gåast gjennom i samla klasse. Det alternative opplegget skal vere likeverdig kulturtilbod! 

Dersom dette blir ordna skikkeleg opp i, har me kome enda eit skritt lenger. Då vil det bli eit greitt opplegg for alle, men me har framleis nokre steg å gå før skulegudstenestene er ute av skulen.

Juli skulen

Om 100 år trur eg at skulegudstenester ikkje blir utført lenger.

Eg trur at jula framleis vil bli markert i skulen, men ikkje på same måte som no. Eg trur at juleverkstad og julefilmar vil vera ein del av undervisninga før jul, men at det ikkje blir sett like mykje fokus på det kristne.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no


Les også skrivekonkurransevinnaren: «Du overlever ein liten dose Jesus oppi alle julegåvene, marsipangrisane og LED-lysa»

Hedvig Frøystadvåg (16) vann Framtida, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar. Illustrasjonsfoto: kelly Sikkema, Unsplash.com