Ni tips for å greie å halda nyttårsforsetta dine

Kirsti Sæternes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Så var det denne tida av året igjen. Nyttårsforsetta har gjort sitt inntog, men berre etter nitten dagar har dei fleste gitt opp forsetta sine, og det er ikkje lenge til.

Er nyttårsforsett berre endå eit høve for å skuffe seg sjølv?

Sjølv har eg alltid vore ein change when change needed-person, og eg har difor ikkje skjønt heilt kvifor vi har nyttårsforsett, og ikkje berre forsett.

Men ein ven av meg sa det slik: «Årsskiftet er ei tid kor eg verkeleg reflekterer over det førre året. Eg tenkjer over kva eg vil, og korleis eg ynskjer å vere.»

Eit årsskifte er symboltungt, og det nyttar vi oss av.

Det hen sa, fekk meg til å endre syn. Eg begynte å tenke på gode og dårlege forsett, og på kvifor nokre av dei er så vanskelege.

Eg slutta å sjå på nyttårsforsett som den klassiske «Eg skal slanke meg» som «alltid» feilar, og heller sjå på det som eit mål, ynskje eller plan for det nye året.

Noko som skal gje deg høgare livskvalitet. Og så tenkte eg: «Korleis kan eg betre min livskvalitet?»

Men eg ynskjer ikkje at nyttårsforsetta mine skal falle i fisk før eg rekk å starte, som eit «Eg startar neste måndag» med enno større symbolsk tyngde.

Fallhøgda blir stor når ein skal skape eit nytt og betre liv, og eg vil ikkje hive meg utpå nok eit år med skuffelsar.

Så først måtte eg difor finne ut korleis ein kan lukkast.

Her har eg samla ni punkt som kan hjelpe på vegen med å nå nyttårsmåla dine:

1. Har forsettet eit godt grunnlag?

Det første punktet er kanskje det kjipaste. Du er nøydt til å gå djupt inn i deg sjølv og finne ut kva motivasjonen din til endringa er.

Er det din ide? Er det i tråd med dine verdiar? Forsett som «Å vere snillare mot andre» kjem stort sett av at ein ynskjer å vere eit positivt bidrag i verda, og den beste utgåva av seg sjølv. Når ein gjer gode ting for andre, føler ein seg også betre sjølv, så det er eit vinn vinn-forsett.

Andre, blant anna nokre av dei vanlegaste forsetta vi har, er hovudsakleg drivne av samfunnets forventningar om oss og korleis vi skal vere. Du bør alltid tenkje deg litt ekstra om når forsettet inkluderer noko som skal få deg til å sjå «betre» ut.

Media og samfunnet ynskjer å profittere på dine nyttårsforsett. Staten køyrer ofte ein runde til med røykeslutt-kampanje, og i den forbindelse ser ein meir reklame for nikotin-alternativa. Treningssenteret lokkar med gunstige prisar, og butikk- og internettsalet startar for ting som slankepiller og proteinshakes og treningsband og sminke.

Difor kan det vere ekstra lurt å finne botnen av motivasjonen din. Ein motivasjon fordi samfunnet forventar det av deg, er sjeldan ein god og langvarig motivasjon.

Viss forsettet er noko du vil fordi det gjer deg godt, så hjelper det godt på vegen.

2. Passar forsetta dine saman?

Viss nyttårsforsetta er «trene meir, gå ned i vekt, få betre sjølvbilete», så legg du opp til tidenes fall. Det er sjølvsagt mogleg at du lukkast, men sjansen er stor for at forsetta øydelegg kvarandre.

For dei fleste er dei to første forsetta motivert av ytre motivatorar, som media, kjendisar og samfunnsforventingane. Og nettopp desse profitterer på di usikkerheit.

Du trur at du får betre sjølvbilete berre du ser sånn eller slik ut, eller klarer det eller det. Men det er ikkje sånn det funkar.

Å vere glad i seg sjølv er nemleg ikkje eigentleg ein prosess. Det er ikkje noko du oppnår ved å konstant leite etter ting å endre.

Forbetringspotensial har vi alle, men betre sjølvbilete bør ikkje vere ein framtidsvisjon som avheng av suksessen til andre prosjekt.

3. Ha eit mål som du vil like å gjennomføre (eller i alle fall er nøytral til)

Viss du må pine deg gjennom kvart forsøk på å oppretthalde forsettet ditt, så kjem det antakeleg ikkje til å gå så veldig bra.

Ein prosess som ikkje gir deg noko, blir tung. Sagt på ein annan måte: Du blir ikkje meister i kunstløp viss du ikkje likar eigentrening, ballett, konkurranseløp eller skøyting.

Har du eit forsett om å lese fleire bøker? Ikkje tving deg til å lese sjangrar du ikkje likar.

Eit forsett om å trene? Finn ein treningsform som du tykkjer er gøy. Slik blir det lettare å like oppgåva si. Ei oppgåve du likar, er lettare å gjere.

4. Finn ut kva du ynskjer, ikkje kva du ikkje ynskjer.

Å fokusere på det du vil fokusere på, i staden for fokusere på det du ikkje vil fokusere på, er eit enkelt psykologisk grep.

Det lyder sjølvsagt når ein seier det på den måten, men kva viss eg nemner det klassiske forsettet «ete mindre søtsaker»?

Ein aukar fokuset på det ein ikkje vil tenkje på. Ein anna måte å ha det same målet, men med større sjanse for å lukkast betre, er: «Ete meir frukt og grønt.» Då får du automatisk mindre plass til søtsaker, og du slepp å tenkje på søtsaker heile tida.

Vi tenkjer oftast på det vi har bestemt oss for å ikkje tenkje på. Og viss du starta å røyke eller snuse for å stresse ned, kan målet i staden for «slutte å røyke/snuse» heller vere «lære meg metodar for å handtere stress betre.»

Finn ein innfallsvinkel som ikkje drar meir merksemd til det du vil unngå.

5. Unøyaktige mål er vanskelege å nå

Ein tabbe mange gjer, er å vere for unøyaktige, og dermed redusere høvet sitt for å komme i mål. Det å studere hardare er bra, men korleis skal du studere hardare? Har du ein plan? Eit tydeleg mål?

Eg er glad i bøker, og tenkjer ofte at eg burde lese meir. Men kor mykje er meir? Det kan bli vanskeleg å måle om eg faktisk har lese meir, og eg kan fort tenkje at sjølv om eg har lese meir, så har eg ikkje lese nok.

Ei løysing er å ha «15 minutt lesestund kvar dag», eller setje eit mål om å lese x antal bøker, og finne fram dei første eg vil lese. Det gir ein tydelegare plan som er lettare å overhalde, og det er lettare å føle at eg faktisk lukkast.

6. Ver spesifikk

Difor: ver spesifikk. Tidlegare var eg ein sånn person som hadde mål om å «bli tynnare» og «trene meir». Den tynnare-biten har eg gått heilt bort ifrå.

No er det å ha ein kropp som klarer som gjeld. Eg har ikkje lenger lyst på ein kropp som ser «fin» ut, eg ynskjer å trene for å kunne ha ein kropp som klarer, og for å ha ein psyke som held. Og i staden for å setje meg eit uklart mål, har eg to konkrete:

  • Vere i fysisk aktivitet minst ein gong kvar dag.
    • Dette er eit spesifikt mål som eg gjer berre for meg sjølv. Det held nemleg både ryggproblema mine og depresjonen min i sjakk. Men det betyr ikkje at eg må vere på treningssenteret kvar bidige dag. Eg kan til dømes gå tur, ha yoga heime, vere i bassenget, dra på fjelltur eller drive med gardsarbeid.
  • Klare 200 kg i beinpress.
    • Det er eit ambisiøst mål, men det motiverer meg. Det er spesifikt, men det ligg mykje innsats for at eg skal klare det. Då er det viktig at eg er klar over kor mykje som krevst. Eg klarte å ta 200 i beinpress ein gong då eg var yngre og i betre form, og målet om å klare det igjen motiverer meg til å komme meg på treningssenteret.

I staden for å «trene meir» bør du setje deg som mål «eg skal trene x gongar i veka/x minutt».

Ved å setje spesifikke mål, gjer du oppgåva meir konkret og lettare å jobbe mot. Det er også lettare å bli nøgd, for det ikkje nokon tvil om at du har nådd eit mål når du gjer det.

7. Begynn i det små

Når me er inne på det med å vere spesifikk, så er det også lurt å ha delmål, eller å begynne smått.

Store endringar kan vere best over tid. Miljøengasjementet mitt, til dømes, kom ikkje over natta. Eg begynte med ein liten vane. Og så ein til. Og ein til. Det tar nemleg tid å byggje vanar, og det å ha delmål er ein fin måte å la seg oppleve meistringskjensle heile vegen, og ikkje berre ha eit tap eller vinn-prosjekt.

Då eg gjekk på VGS, begynte eg å symje eigentrening. Eg starta med å dra dit dei dagane eg hadde tid etter skulen. Og hadde eg ein dårleg dag i prosessen, okei, så symde eg berre nokre lengder. Men eg gjorde det til ein vane å dra dit. Sakte men sikkert bygde eg opp treningane i tal, lengde og intensitet. Og så var eg der plutseleg nesten kvar dag, og symde 1–2 km kvar gong. 

Eg kjem ikkje til å nå målet mitt om å vere i aktivitet kvar dag. Livet mitt legg ikkje alltid til rette for målbar aktivitet. Av og til reiser eg i ein heil dag, og av og til er psyken så ille at eg ikkje kjem meg ut. Desse dagane viser eg forståing for meg sjølv. Måla er for meg, og det motiverer meg i seg sjølv til å gjennomføre dei.

8. Motivasjon, disiplin, tilrettelegging.

Vi lever travle kvardagar, så gjer det enkelt for deg sjølv. Viss du vil spele meir på gitaren, så bør gitaren stå framme. Måleutstyret bør ikkje ligge skjult i ei skuff om du vil måle meir.

For å finne motivasjon når den er låg, kan det vere fint å ha med nokon på prosjektet. Eller å avtale at ein kan sjekke innom. «Har du hugsa på lesekvarteret ditt i dag, då?»

Det er viktig å setje av tid til prosjekt som krev det. Har du lyst til å øve på klarinetten? Finn fram kalenderen og skriv «måndag: øv 45 min. etter skule» og «torsdag: øv 30 min. før trening».

Viss du ikkje ryddar tid, så finn du det ikkje, men har du gjort det, er det enklare å komme i gang.

9. Eit godt forsett

Det finst eit hav av nyttårsforsett å velje mellom. Her har du forslag til nokre gode:

  • Setje av meir tid til hobbyen din.
  • Donere ein gong i månaden til gode formål.
  • Ta vaksinen.
  • Begynne på ein aktivitet du lenge har hatt lyst til, men ikkje turt.
  • Ta med deg søppel når du er ute og går.
  • Skaffe deg jobb eller begynne å studere.
  • Ein sosial del og ein aktivitet kvar dag.

Det er eit nytt år, og vi har fått ein symbolsk ny start.

Kva vil du oppnå i 2022? Kva vil du leggje igjen? Kva skal skje? Kva betyr noko for deg? Og kven vil du vere?

Og du? Viss du aldri har nyttårsforsett, eller viss du har feila med dine forsett allereie, så går det alltids an å starte i februar. Eller i sommar, viss du innser at du vil endre noko då. Eller no, no med ein gong.

Det er tross alt berre eit sekund som skil det førre året frå det nye. Det er ein symbolsk start, men den er ikkje freshare enn nokon som helst anna start.

Du får alltid nye moglegheiter, og det får ein uavhengig av årstalet som står på kalenderen.

Eg heier på deg, uansett kor mange eller få endringar du vil gjere.