Samlar inn pengar til born og unge i jula – Kygo gav 100.000 kroner

Programleiar Mads Hansen vil skape ei fin jul for alle.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mads Hansen har oppretta ei innsamling på Spleis for å gjere jula betre for barnefamiliar med dårleg råd.

Pengane går til organisasjonen Rett Fram Opplevelser. Dei inviterer gjester til julemiddag og sender ut julegåver til born i familiar som har lite pengar.

Mads Hansen sette først eit mål om å samle inn 100.000 kroner, men dette vart fort knust. Den 14. desember passerte innsamlinga 3 millioner kroner.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Mads Hansen (@mads_hansen11)

Kygo gav 100.000

Fleire kjende namn har kasta seg med på innsamlinga. Artisten Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll) har gitt 100 000 kroner, og Alan Walker har gitt 50 000 kroner.

Også artistane Staysman, Petter Katastrofe, komikar Kevin Vågenes, idrettsprofil Thomas Alsgaard og radiovert Niklas Baarli har donert pengar.

Mads Hansen seier til VG at det finst born som kvir seg til jul fordi dei merkar på kroppen at dei kjem frå mindre rike familiar.

– Og born som kvir seg til å byrje på skulen på nyåret, for då vert dei spurde om kva dei fekk til jul, og då har dei kanskje ikkje fått noko. Tanken på det gjer vondt. Eg ønsker at ingen born skal ha det sånn, seier han til VG. 


Aida Kapetanovic (17), går på linja for Innovasjon og leiing ved Romsdal vidaregåande skule i Molde og skriv om fattigdom i dette innlegget. Foto: Privat