Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det hadde vore fint om folk ikkje lét seg så lett krenka av juletradisjonar, sjølv om dei ikkje har dei same tradisjonane. Ein må ikkje bli krenka, men akseptera at me feirar på ulik måte.

Det seier Hedvig Frøystadvåg på telefon til Framtida.no. 

Gode språklege bilete og refleksjonar

16-åringen frå Fredrikstad fekk førsteplass i Framtida, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar.

Juryen skreiv i grunngjevinga at: «Vinnarteksta har gode språklege bilete som trekker lesaren inn i teksta, og skapar engasjement. Skribenten reflekterer godt rundt opphavet til dei norske juletradisjonane, kulturkollisjonar, og korleis tradisjonane kan bidra til integrering. Skribenten argumenterer godt for meiningane sine og utmerker seg med eit svært godt språk»

Er vi verkeleg så redde for andre livssyn?

Vinnarbidraget handlar om kulturkonfliktane som oppstår i høgtida på grunn av dei kristne tradisjonane.

«Vi ser eksempel der barn i barnehagar og på barneskular ikkje får lov å delta i kyrkjebesøk, ta med julegåver heim eller ha på nisseluer. Dette synest eg er frykteleg trist og skapar eit inntrykk av at jula er ekskluderande, noko ho på ingen måte er, berre fordi eit kristent bodskap ligg bak. Er vi verkeleg så redde for andre livssyn?» skriv 16-åringen. 

Det er andre gongen Frøystadvåg har markert seg heilt i toppen i Framtida.no og Magasinett sine skrivekonkurransar. Førre gong var i januar, med eit velskrive innlegg om fenomenet cancel culture, noko 16-åringen er engasjert i. 

– No nærmar det seg jul, og det er ganske relevant. Teksta eg skreiv førre gong til Framtida.no handla om cancel culture og kor lett det er å tråkka feil i sosiale medium. Difor tenkte eg å trekkja det inn i juletida, fordi det er så mykje ein kan seia som er feil.

Slekt frå Vestlandet

Den observante lesar vil merka seg at skrivekonkurransevinnaren er frå Fredrikstad, noko som betyr at 16-åringen ikkje har nynorsk som hovudmål.

Men Hedvig Frøystadvåg likar å skrive og leita difor etter skrivekonkurransar ho kunne delta i. 

– Har du nokre tips til andre som ikkje skriv nynorsk til vanleg?

– Eg må sjekka opp orda, og om eg slit med å formulera meg på nynorsk, skriv eg det på bokmål først og set om, forklarar skrivekonkurransevinnaren.

– Eg har familie frå Vestlandet, så eg er vand til å høyra dei snakke. Eg ser føre meg familiemedlemmar snakke og etterliknar dei, men så er det reglar du må hugse.

– Er det nokre ting du synast er spesielt vanskeleg? 

– Eg fekk kommentar frå ein lærar om at eg bøygde verbet å skrive feil. Eg skreiv har skrevet, forklarar skrivekonkurransevinnaren, som no har lært seg riktig bøying.


Korleis gjer skulen din julegudsteneste? Illustrasjon via Canva: Åshild Slåen