2 millionar år gammalt DNA funne på Grønland

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra har forskarar klart å hente ut DNA frå gamle knoklar, frå jord i grotter og botnen av innsjøar. Arvestoffet fortel både om naturen og menneska i fortida.

I fjor fann forskarar ved UiT Noregs arktiske universitet det til då eldste DNA-et i verda. Det kom frå mammutar som levde for rundt ein million år sidan.

No har ei dansk-leidd forskargruppe avdekt DNA som er omtrent dobbelt så gammalt. Studien er publisert i tidsskriftet Nature.

Det nye funnet av det rekordgamle DNA-et frå Grønland avdekkjer arvestoff frå mastodont, tuja, bjørk, reinsdyr og gjæser. Det fortel også om økosystemet på Grønland i første del av kvartærperioden som omfattar istidene, fortel UIT i ei pressemelding.

Varmare land

Forskarane Inger Greve Alsos og Alexandra Rouillard ved UiT har delteke i studien, som har analysert 41 prøver.

Prøvene er tekne frå ei hundre meter tjukk samling med lause massar som samla seg ved munningen til ein fjord nord på Grønland. Sediment kan bestå av bitar og partiklar av stein, jord eller biologisk materiale, og desse hadde bygd seg opp over 20.000 år under ei mellomistid for omtrent to millionar år sidan.

På denne tida var det over ti grader varmare på Grønland enn i dag. I dag er cirka 81 prosent av landet dekt av is heile året, men for to millionar år sidan voks det fleire typar treslag på øya, viste DNA-analysen.

Kap København på Grønland slik det ser ut i dag. I dag er plassen ein arktisk ørken. Illustrasjon: Beth Zaiken

– Vi har diskutert mykje om det var skog eller berre nokon spreidde tre. Ut frå at det var såpass mange arktiske artar til stades i tillegg, trur vi at det var meir spreidde tre og mykje tundra-landskap, fortel Inger Greve Alsos, som er professor i biologi ved UiT og har bidrege med DNA-forskinga.

Forskarane fann spor av både bjørk, osp og vier. Men det gjorde også meir overraskande funn:

Professor Inger Greve Alsos ved UiT er ein av forskarane bak DNA-studien. Foto: UiT Noregs arktiske universitet

– Vi fann også hagtorn, barlind og tuja. Det er ikkje artar som ein knyter til Arktis i det heile i dag, seier Alsos.

Elefantdyret mastodont

Det dukka også opp spor frå såkalla mastodontar; eit digert elefantdyr som levde i Nord- og Sentral-Amerika fram til det døydde ut for rundt 10.000 år sidan. Studien viser at desse istids-dyra spreidde seg heilt opp til Grønland.

I tillegg vart det funne DNA frå reinsdyr, hare, gås og lemmen, som framleis finst på Grønland i dag.

For å finne ut kva slags DNA som er i prøva, vart fragmenta matcha med DNA frå dagens artar som har fått heile genomet sitt kartlagt. Her var referansebiblioteket ved UiT viktig. Det er laga ut frå plantar i herbariet ved Noregs arktiske universitetsmuseum.

Biblioteket inneheld over 1.500 plante-genom som er brukte til å identifisere kva slags DNA som fanst i prøvene.

Fagfeltet er berre cirka 20 år gammalt. Inger Greve Alsos fortel at det difor er mykje spennande som står att å forske på frå dei siste to millionar åra. Innan fagmiljøet har dei hittil ikkje leita så mykje i så gamle prøver:

– Vi har ikkje har visst at det faktisk går an å finne DNA i dei gamle prøvene. Dei aller fleste studiane av urgammalt DNA er mindre enn 50.000 år gammalt. Eg trur at vi no kjem til å oppsøkje stader meir med sediment som er eldre og sjå kva meir vi kan finne, seier ho.


Illustrasjonsfoto av Gerd Altmann fra Pixabay