36 stadar å kjøpe unike julegåver

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her finn du ei rekke norske smågründerar innanfor interiør, klede og tilbehøyr, helse og kosmetikk, fritid og hobby og familie. (Merk at dette er ei nummerert liste, ikkje ei rangering av ulike nettbutikkar.)

Veit du kva du vil sjekke ut? Hopp til interiør; klede og tilbehøyr; helse og kosemetikk; fritid og hobby; og familie.

INTERIØR

Hilsener

Interiør, hobby, personlege gåver, julepynt, velvære, papirsaker, mat og drikke, ting til kjæledyr, og mykje meir.

Samling av ei rekke produkt frå ulike norske, småbedrifter, grunnlagt i 2022. Her finn du alt ifrå broderingssett, sløyfe til hunden, spøkelsesøyredobbar, kunstrykk over Grünerløkka, mansjettknappar og handlaga fargestifar.

  • Pris: ca. 30 – 4000 kr
  • Butikk: Berre på nett: hilsener.no.

Kjøkkenfarger

Fargerike kunsttrykk med kjøkenmotiv. Laga, trykka, signert og nummerert i Oslo.

Norwegian Trash

Interiør laga av avfall frå norsk fiskeindustri.

Wallstories

Kunst- og fototrykk med kjende motiv frå norske byar, norsk natur og landemerke.

  • Pris: ca. 500 – 850 kr
  • Butikk: I Nebergata på Majorstua i Oslo. På nett: wallstories.no.

Levia

Interiør- og gåveartiklar. Her kan ein finne spesiell julepynt, gøye koppar, sjokolade, fargerike lysestakar og anna.

  • Pris: ca. 15 – 1135 kr.
  • Butikk: Fysisk lager på Bømlo som kan opna ved førespurnad. På nett: levia.no.

Sandy Holt Ceramics

Sandy Holt Ceramics

Fargerik, unike keramikkprodukt. Anten ferdiglaga eller på bestilling. Her finn du vasar, koppar, skåler, lyshaldarar og meir.

Hallingfell

Vottar, sitteunderlag og «vanlege» saueskinnsfellar med unike graveringar.

Her kan du også bestille fine, personlege gåver med namn, dato og eigenbestemte inngraveringar.

Ymse Design

Handlaga lys, keramikk og småinteriør.

Her finn du mellom anna skjellforma keramikk, stearinlys med leopardtrykk, duftlys i krukker, øyredobbar, kaffikoppar og terrazzo-fat.

Alva

alva

Samisk design på treprodukt.

Her finn du brikker med gravering, sollampe, dekkebrikker, eggehaldar, nøkkelringar, veggklokker og meir.

  • Pris: ca. 75 – 3800 kr.
  • Butikk: Berre på nett: alva.no

Plasteriet

Interiørprodukt laga av resirkulert plast.

Her finn du mellom anna knottar til møblar, blomsterpotter, knaggar, knappar, perler og meir. Du kan også bestille produkt laga av din eigen plast.

NOW HERE Instant

Handlaga aromaterapilys og såpe med krystallar.

Her finn du julelys, eteriske oljer, plantebaserte kroppssåper og meir.

Dapa maps

Kart for alle pengane! Litt finare og minimalistiske enn dei klassiske turkarta så du kan ha dei på veggen, men også funksjonelle.

Skikart, turkart og skjærgårdskart, laga av kartografar som sjekkar litt ekstra opp kva som må med på kartet gjennom å snakke med lokalfolk og sjekke opne kjelder. For kvart kart som blir kjøpt i nettbutikken, plantar dei også ei tre via Teamtrees/Arbour Day Foundation.

Ektekart

3D-kart over område i Noreg. Når me først er inne på kart: her får du eit kart du kan kjenne fjelltoppane på!

Skrapekartet

Skrap av kartet der du har vore, i Noreg! Fjelltoppar i Noreg, turistattraksjonar i Noreg, turistattraksjonar i Bergen, kommunane i Noreg.

Egillustrerer

Egil Øysteinson Tveit lagar plakatar av fjell, natur og klassiske portrett – men også personlege plakatar på bestilling.

Poppi Oslo

Everything, Terazzo. Handlaga produkt i terrazzo: fargerike lysestakar, fat, bordskånarar, potter og meir.

  • Pris: 200 – 2000 kr.
  • Butikk: Berre via Instagram: @poppi_Oslo

Libe

Interiør og fair trade-produkt

Her finn du handplukka varer kjøpt frå kvinnegrupper i Sør-Afrika, slow fashion-klede, Fairtrade-korger frå Ghana, vegansk hudpleie frå København, Fairtrade-babyteppe og handklede frå Ethiopia, Fairtrade-smykke frå Mexico og meir.

  • Pris: ca. 100 – 1800 kr.
  • Butikk: Berre nettbutikk: libe.no

KLEDE OG TILBEHØYR

Cubakone shop

Handlaga hattar laga av gjenbrukstekstilar og plastflasker.

Eit norsk-cubansk par som driv gjestehus på Cuba måtte finne på noko anna då pandemien kom. Mannen i huset byrja sy capsar, med gamle dukar, gardiner og klede frå vener og familie. I bremmen brukar han plast frå plastflasker.

Her kan du også sende inn eigne klede eller tekstilar og få dei sydd om til eit hovudplagg. Hovudkategoriane er caps, sikspens, cuba-hattar, bøttehattar og hengehattar.

Evomar

Klede, smykke, vesker, og tekstilar laga i Mexico. Skapt for å kunne gje kvinnelege handarbeidarar i Mexico betre rettar, betre levekår og tryggleik.

  • Pris: ca. 200 – 1600 kr.
  • Butikk: Berre på nett evomar.shop og ulike popup-butikkar.

Stöttt

Praktiske sko-produkt til heimen. Her finn du skohorn, skostøtte, minihylle, veggkrok, vedlikehaldssett til skinn- eller joggesko.

Norsk design, delvis laga av resirkulerte råvarer og material, og ved hjelp av norske leverandørar. I tillegg er både Kriminalomsorgen (Halden fengsel) og RAUSE AS, ei arbeidstilpassa bedrift i Rakkestad, underleverandørar til STØTTT.

  • Pris: ca. 500 – 1000 kr.
  • Butikk: Berre på nett – stöttt.com

Lily Posangi Design

Handlaga smykke og øyredobbar. Ein kan til og med spesialbestille etter eige ynske.

Handmde by Ramona

Handlaga hårpynt og smykke av gjenbruk. Her finn du hårbøylar, hårband, brosjer/søljer, ringar, hundeband og meir laga av gamle smykke og perler.

NEI

Handlaga smykke, øyredobbar og armband.

  • Pris: 200 – 925 kr.
  • Butikk: Via Instagram @nei_sa_jeg eller ulike julemarknadar.

Noova

Handlaga smykke og vesker. Her finn du smykke med krystallar, livmorpin, øyredobbar med skjel, hekla vesker, konglesmykke og meir.

  • Pris: 100 – 350 kr.
  • Butikk: Via Instagram noova.no

HELSE OG KOSMETIKK:

CleanCup

Norskprodusert menskopp i silikon.

Når du kjøper ein CleanCup-menskopp, bidreg du samstundes til at ei skulejente ein annan stad i verda kan ha ein tryggare menstruasjon.

Graabein

Norske produkt til skjegg og hår. Her finn du skjegg-oljer, såper, børstar, t-skjorter og anna.


FRITID OG HOBBY

Happy Hikers

Emaljekoppar, turutstyr og ull.

Her finn du utstyr for kvardag og friluftsliv. Snart opnar også eit medlemskap for lågterskel friluftsliv, så her finst gåver til både nye og erfarne turgåarar.

Auk

Ein heilautomatisk plantedyrkar! Perfekt til deg som eigentleg vil ha drivhus, men berre har ein kjøkenbenk tilgjengeleg og er litt lat?

Her finn du sjølve maskinen i tillegg til urter og frø, trepinnar, kokosjord, næringskapslar og anna tilbehøyr.

  • Pris: 3699 kr.
  • Butikk: Berre på nett: auk.eco

Made by Runi

Symønster designa i Noreg.

Her får du både ferdigprinta mønster og PDF-filer med klede til barn, kvinner, menn og andre.

Strikk det

Handlaga strikkeoppbevaring, strikketilbehøyr og garn og oppskrifter. Her finn du mellom anna handlaga markørar, strikkeveske, handlaga lys og meir.

  • Pris: ca. 50 – 2000 kroner.
  • Butikk: nettbutikk: strikkdet.no eller i eit utval strikkebutikkar.

Fantasy Ribbons

Fargerike pynteband. Her finn du pynteband produsert på ein familiefabrikk i India, som kan brukast i syprosjekt, festdrakter, som veskestropp eller du kan kjøpe tilbehøyr som nøkkelring, knappar,


FAMILIE

Kvalitetstid

Spel, leiker, hobby, hus og hage. Alt som ikkje er skjerm, er tanken bak denne nettsida. Kjelke, musikalsk klinkekulebane, pokersett, foosball, trefigurar og ting til hus og hage.

Ecohjem

Berekraftige produkt til kvardagen. Her finn du plastfritt vaskemiddel, gjenbrukbare bakeark, reisekopp laga av kaffiskal og meir.

  • Pris: ca. 30 – 399 kr.
  • Butikk: Berre på nett ecohjem.no.

Barnematbyen

Kosthaldsportal for foreldre med barn 0–12 år. Nettportal med kunnskap om mat til barn, og kosthaldshefte til vaksne.

Jubel

Fargerik design til barn. Her finn du viskelêr, smykke, pennal, leiketatovering, hårspenner og meir.

Lykkeliten Design

Handlaga, unike barneklede. Her finn du kjolar, romper, hårsløyfer, solhattar, dokkeklede og meir. Ho syr også på bestilling.


Treng du endå fleire tips? Sjå lista frå i fjor med 80 fleire nettbutikkar å ta julehandelen i!

Kollasj laga av framtida.no sett saman av produkt frå lista. Bakgrunnsfoto: Joanna Kosinska /Unsplash