Høgare utdanning ber om 2 milliardar ekstra i 2024
Statlege universitet og høgskular vil ha ekstra midlar til meir enn 2.000 nye studieplassar og pengar til bygg og campusutvikling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Universitet og høgskular har sendt inn ønske om pengar til satsingar i 2024 som ikkje blir dekte av løyvingane dei allereie får frå Kunnskapsdepartementet.
Ein gjennomgang frå Khrono viser at dei 21 statlege universiteta og høgskulane har mange forslag. Totalt ville det kosta meir enn 2 milliardar kroner ekstra i 2024 om alle forslag med ein prislapp vart gjennomført.
Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) har likevel varsla at trongare tider medfører harde prioriteringar på statsbudsjetta dei kommande åra.
Av forslaga kjem det fram eit behov for oppgradering av bygg og infrastruktur. Fleire ber om midlar til campusutvikling og nybygg. Fleire ber også om fleire hundre nye studieplassar.
Noregs handelshøgskole (NHH) er åleine om å ikkje be om noko meir enn det dei får i ramma.