«Eit samfunnsproblem løysest ikkje ved å bli tvinga til å vere naken»

Andrea Teistedal Dyrøy (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vann den nasjonale talekonkurransen «Ta ordet!» og er republisert med samtykke frå forfattaren.

I femte klasse blei det laga ei liste over kven av jentene i klassen som var styggast nakne. Ho blei hengt opp i klasserommet, og dei jentene som vart kåra til å vere styggast, var dei som hadde fått puppar og som ikkje var syltynne.

Lista blei laga etter ein gymtime der me dusja. Fellesdusjane er eit problem. Hadde det ikkje vore for dei, så hadde ikkje denne lista blitt laga.

Unaturlege kroppsideal har gjort det normalt å dømme andre sin kropp. Å slengje kommentarar om kropp i dusjane er ikkje uvanleg. Viss du har fått puppar på barneskulen, så er det rart. Men viss du ikkje har puppar på ungdomsskule, er det endå meir rart.

Det er stygt om du er for tjukk, men det er ikkje fint om du er for tynn heller, for då ser du berre sjuk ut. Uansett korleis du ser ut, blir kroppen vurdert utifrå urealistiske kroppsideal i fellesdusjen.

Idealkroppen kjem frå folk på nett som har tatt feittsuging, buttlift og fått sett inn silikon. Dette er ikkje den naturlege kroppen, og då ser sjølvsagt ikkje unge slik ut heller.

Lista som kåra dei som var styggast naken, påverka jentene i mange år etterpå. Ho som kom på førsteplass, fekk eit usunt forhold til kropp og mat. Jentene på 2. og 3.-plass hugsar òg godt korleis det var å vere kåra som dei styggaste naken.

Dei siste åra har talet på elevar som dusjar etter gym, gått drastisk ned. Elevar okkuperer toalettet for å skifte og vaske seg under armane. Og dei snakkar stygt om dei som vel å skifte opent i garderobane.

Halvparten av alle elevar på norsk ungdomsskular er ukomfortable med å vere naken framfor andre. Dei som dusjar i garderobane, risikerer å bli snikfotografert og få nakenbilete spreidd på sosiale medium.

Skal me verkeleg la risikoen for dette vere ein del av kvardagen til unge i Noreg? Eit argument for fellesdusjar er ungdom i dag kan sjå naturlege kroppar.

Men viss ein må få ungdom til å kle av seg og dusje med folk dei kjenner seg utrygge med for å få sjå naturlege kroppar, er det eit samfunnsproblem.

Og eit samfunnsproblem løysest ikkje ved å bli tvinga til å vere naken.

Det ideelle hadde sjølvsagt vore om ungdom i dag var nøgde med seg sjølv – og var sikkre og glade i den kroppen dei har. At unge kunne dusje etter gym, utan å vere redde.

Men sjølvtillit kan ikkje bli påtvinga, og ein blir ikkje meir komfortabel av at nokon bestemmer kven du skal vere naken framfor.

Eg er for kroppsaktivisme som viser mangfald, men det må vere frivillig. Mobbing i fellesdusjen er ein ting som skjer. Det er ikkje nytt, og det har dessverre ikkje blitt noko betre.

Dette problemet kjem ikkje til å forsvinne, men me kan betre situasjonen for alle skuleelevar i Noreg. Og få dei til å føle seg mindre dømd. Båsar i fellesdusjane ville gjort slik at fleire skuleelevar hadde tort å dusje etter gym.