Røde Kors har kartlagt kvardagen til fattige barn – fryktar sosial krise

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Røde Kors har for første gong kartlagt korleis barn og unge opplever det å vekse opp i familiar med svært lite pengar. Barna blir ekskluderte frå klasseturar, fritidsaktivitetar og bursdagar.

Anne Bergh. Generalsekretær i Røde Kors frå 1. november 2022. (Foto: Olav A. Saltbones/Røde Kors)

– Det finst barn som legg seg svoltne – også her i Noreg. Røde Kors fryktar at vi berre er i startfasen av ei sosial krise, seier generalsekretær Anne Bergh i Røde Kors.

115.000 barn i Noreg veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Fleire har fått mykje dårlegare råd det siste året. Ifølgje SSB har hushalda i snitt fått 18.000 kroner mindre å rutte med i 2022.

Måtte jobbe for å hjelpe familien

Røde Kors har gjennomført ei landsdekkjande spørjeundersøking blant unge i aldersgruppa 15 til 25 år med ein familie med dårleg råd. I tillegg har dei intervjua åtte unge vaksne som voks opp i låginntektsfamiliar.

23 år gamle «Nora» fortel om ein barndom prega av vakse ansvar.

Frå ho var ni år gammal måtte ho jamleg innom Nav for å levere dokument på vegner av familien, og frå ho var 14 år jobba ho på ein sjukeheim for å kunne bere økonomien til familien.

Då heile klassen skulle på tur på ungdomsskulen, hadde ikkje familien til Nora råd, og ho måtte bli heime.

– Eg jobba ved sida av skulen på sjukeheimen, så eg hadde ikkje tid til å gå dugnad og samle inn tomflasker og sånt. Og alle tomflaskene vi hadde heime, gjekk jo tilbake til hushaldet, fortel ho.

Grudde seg til bursdagsselskap

Totalt har 222 norske ungdommar bidrege med erfaringane sine.

– Dette er barn som ikkje går i bursdagsselskap fordi det er forventa at dei har med gåve. Dei reiser ikkje med foreldra på ferieturar. Dei ønskjer seg grunnleggjande ting som vinterjakker og varme sokkar til jul. Fattigdom skaper utanforskap, ein usynleg skiljevegg til det samfunnet andre lever i, seier Bergh.

«Anna» (21) er blant dei som grudde seg til bursdagsselskap fordi ho ikkje kunne gi fine presangar.

– Det hende at eg måtte seie at eg ikkje har høve til å delta, for å dekkje over at eg ikkje hadde ei gåve å gi, seier ho.

Utanforskap

Nokre av funna frå rapporten:

  • Fire av ti gruer seg til å gå på skulen.
  • Éin av fem har late vere å delta i éin eller fleire fritidsaktivitetar fordi familien ikkje hadde råd.
  • 16 prosent har kjent på utanforskap på grunn av dårleg økonomi.
  • 54 prosent meiner dei har vore meir einsame enn andre på deira alder.
  • Unge som vaks opp i familiar med låg inntekt, er mindre tilfredse/fornøgde med livet enn andre unge.

Gratis skulemat viktig tiltak

Ungdommane vart spurde om kva tiltak styresmaktene kan setje i verk for å hjelpe barnefamiliar med dårleg råd. Dei fleste meiner at gratis skulemat og auka barnetrygd er viktigast.

Berre 3 prosent fekk gratis mat eller frukt på skulen, og 4 prosent seier dei hadde skulematordning betalt av føresette.

16 prosent var heilt eller ganske samde i påstanden om at dei ofte var svoltne på skulen.

Tala tyder på at skuleungdom flest er avhengige av den maten som finst i kjøleskapet heime. Når prisane har auka med over 13 prosent det siste året, er det sannsynleg at dette gir familiar med dårleg råd eit dårlegare kosthald, påpeikar Røde Kors.


Les også: Klimakrise, fattigdom og væpna konflikt: Dette er verdas mest underrapporterte kriser

Krisene i Malawi, Zambia og Ukraina fekk lite mediemerksemd i 2021. Foto: AP Photo/Thoko Chikondi // AP Photo/Tsvangirayi Mukwazhi // AP Photo/Andriy Dubchak // kollasj Framtida.no