Russiske Røde Kors vert kopla til Putin: – Tar saka på stort alvor

– Nøytraliteten og uavhengigheita til Røde Kors-foreiningane er det viktigaste verktøyet vårt, seier Øistein Mjærum i Norges Røde Kors.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Den russiske greina av Røde Kors (RRK) har vorte kopla til Putin, Kreml og den russiske propagandamaskina, skriv The Guardian. Avisa peiker på at:

• RRK-presidenten har ei sentral rolle i ein «patriotisk», pro-Putin-organisasjon.

• Høgtståande tilsette i RRK har snakka om at det er umogleg å slutte fred med «ukrainske nazistar».

• RRK har teke del i militærtrening for born.

Lekne dokument har dessutan avslørt at Kreml planlegg å erstatte det internasjonale Røde Kors-arbeidet på russisk-okkupert territorium i Ukraina, ved å finansiere nye marionette-organisasjonar.

Nøytralitet, upartiskheit og uavhengigheit

Den internasjonale Røde Kors-rørsla er no under press for å ta grep mot den russiske avdelinga. Viktige prinsipp for Røde Kors er nøytralitet, upartiskheit og uavhengigheit.

Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåneforeiningar (IFRC) har makt til å ta disiplinære grep eller å suspendere medlemskap til nasjonale foreiningar som bryt med prinsippa til organisasjonen.

Har kontakt med IFRC

Øistein Mjærum, direktør for kommunikasjon og samfunn i Norges Røde Kors, skriv i ein epost til Framtida at dette er ei sak dei tek på stort alvor.

– Nøytraliteten og uavhengigheita til Røde Kors-foreiningane er det viktigaste verktøyet vårt for å kunne hjelpe folk som treng humanitær hjelp, spesielt i dei mest krevjande situasjonane, skriv han.

Øistein Mjærum er direktør for kommunikasjon og samfunn i Røde Kors. | Foto: Pressefoto

Han meiner det kan føre til alvorlege konsekvensar, eller at ein ikkje får gjort jobben sin, dersom styresmakter forsøker å påverke Røde Kors sine prioriteringar.

Mjærum fortel at dei no er i kontakt med IFRC om denne saka. IFRC held på med å gå nøye gjennom påstandane i artiklane, og følger spørsmåla opp med det russiske Røde Kors, skriv Mjærum.