Røde Kors’ hjelpetelefon kontakta over 3000 gonger i sommarferien

Mange unge slit når hjelpeapparatet har sommarferie, opplyser Røde Kors.

NPK-NTB
Publisert

– Det som har kjenneteikna sommaren, er at dei som har det tungt, har det veldig tungt fordi det offentlege hjelpeapparatet held stengt, seier Nelli Kongshaug, leiar for samtaletilbodet Kors på halsen.

I løpet av dei seks vekene i sommarferien har Røde Kors sitt anonyme samtaletilbod vorte kontakta over 3000 gonger, fortel ho.

– Dei frivillige som får samtalane, opplever at dialogen med dei unge kan vere ekstra tung om sommaren.

Samtalane har i stor grad dreidd seg om sjølvmord, tungsinn, fakta om kropp og mismot, men heldigvis også glede og forelsking, seier Kongshaug.

– At talet på førespurnader held seg såpass høgt, viser at det er viktig å ha samtaletilbod for barn og unge også gjennom sommaren, seier ho.

Kors på halsen er ei teneste som gir barn og unge opp til 18 år moglegheit for å snakke anonymt med vaksne, anten over telefon, chat eller e-post. Rundt 170 frivillige har bidrege til tenesta gjennom sommaren.