Henrik og Ragnhild jobbar for at unge skal bli høyrde

Samtaletenesta Kors på halsen fyller 40 år. I ein ny rapport viser dei at mange barn og unge opplever at dei ikkje blir lytta til og tekne på alvor.

Åshild Slåen og Torkild Broager Grøn-Martinsen
Publisert

– Sjølv om ungdommar blir høyrde meir no enn det dei vart tidlegare, er vi framleis ikkje i mål. Vi må halde fram med å prate og vi må halde fram med å engasjere oss.

Det seier Ragnhild Helen Pihl Konstad (17) når Framtida.no møter ho og Henrik Løwer Nordgård (17). Dei er ein del av ekspertpanelet i Røde Kors si samtaleteneste Kors på halsen. Tenesta feirar 40 år i år, og i samband med det har organisasjonen utarbeidd ein rapport med fokus på om barn i Noreg blir høyrde og føler dei har ein stad å høyre til.

Der vart det gjort samtaleintervju med 23 unge mellom 13 og 18 år, og ei overordna undersøking med 1010 personar mellom 13 og 18 år.

Hovudfunna i rapporten

  • Det er viktig for tre av fire å oppleve å bli høyrd.
  • Unge opplever at dei ikkje blir lytta til og tekne på alvor på skulen.
  • Fire av ti synest det er vanskeleg å prate med andre når dei har det vanskeleg eller føler seg nedfor.

Kjelde: Å bli hørt og høre til

– Arbeidet til Kors på halsen er så viktig som vi seier det er, for det er så mange barn som slit, påpeiker Henrik Løwer Nordgård når han pratar om undersøkinga.

Betre for demokratiet

Nordgård og Konstad meiner det å leggje til rette for at unge kan prate og føle at dei blir høyrde, handlar om meir enn å betre den psykiske helsa til unge.

– Du lærer at meininga di ikkje betyr så mykje og at dei vaksne alltid har rett. For samfunnet sin del så mistar vi då veldig mange verdifulle stemmer som skal ta over.

Det seier Konstad når Framtida.no spør om konsekvensane av å ikkje legge til rette for arenaer for barn og unge. Nordgård er einig, og legg til at å aktivt inkludere barn også kan føre til å auke mengda folk som deltek i val seinare.

– Barn og unge har jo ikkje stemmerett, men om dei ikkje blir høyrde og lærer at stemma deira ikkje er viktig, så lærer dei ikkje demokrati.

Dei peikar begge på skulen som ein svært viktig arena for å legge til rette for det, sidan det er der barn og unge brukar mykje av tida si.

Vil ikkje berre vere eit sjekkpunkt

For at barn skal ha høve til å bli høyrde, meiner ungdommane at både kommunen og fylkeskommunen har eit ansvar for å legge til rette for det.

– Ein må bruke eksisterande organ som er laga for det, seier Nordgård.

Han meiner elevråd og andre slike grupper må brukast aktivt.

– Og at ein tilpassar møta for barn og unge, legg Konstad til.

17-åringen er tilhengjar av å gjere møte i politikken mindre formelle, slik at terskelen blir lågare for å delta. Ho har sjølv opplevd at barn og unge ofte blir tekne med, utan å faktisk bli inkluderte.

– Eg har vore i møte og tenkt at eg snakkar til ein vegg. Det har vore gongar du føler at du er der fordi dei må ha nokre barn der.

Nordgård har hatt same opplevinga, og gjennom Røde Kors held dei fram med å jobbe for at barn og ungdom får ha faktisk medverknad i saker som vedgår dei.