Safari hadde aldri sett elg – no håpar han på isbjørn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No vil eg telte inne på rommet mitt berre fordi eg vil telte. Eg har lært mykje som er blitt ein del av kvardagen min, seier Safari Shabani (23) på telefon til Framtida.no.

I fjor var «Safari på safari» ein Youtube-serie i åtte delar produsert av selskapet Lucky View, der Safari jobba som klippar, filmprodusent og fotograf.

Spleisar på safari

Den gongen samla dei inn 74.000 kroner for å senda ut Safari på tur, i tillegg til at dei fekk fleire sponsorar.

Denne gongen har kronerullinga på Spleis samla inn nesten det dobbelte, 146.660 kroner. For dei pengane skal Safari sendast ut på ny opplevingsferd i Noreg.

Målet er å koma så langt nord som mogleg, eller helst Svalbard.

Etter å ha vore ute på tur har Safari Shabani (23) byrja å gå meir ut og til og med telte inne. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)

Aldri sett elg

23-åringen, som studerer film og tv-produksjon ved Høyskolen Kristiania, kom til Noreg frå Zambia i 2014.

Safari hadde ikkje sett mykje meir av Noreg enn Oslo og Mysen, der mor hans bur og hadde stadig nye spørsmål til kollegaane sine.

– Eg hadde høyrt mykje prat om ein elg sidan eg kom til Noreg. Der eg kjem frå er jo løva skogens konge, medan her er elgen skogens konge. Så eg ville prøva å få sett han. Eg byrja å tenkja veldig mykje på det og det vart ein draum, som vart til reality, forklarar Safari.

Å møta elg vart difor eitt av dei absolutte høgdepunkta på turen.

– Det som overraska meg mest var elgen, at han var snill på ein måte. Ein elg er jo snill, forklarar Safari.

Her kan du sjå kor entusiastisk Safari er for elg:

@safari.shabanSafari er på safari og ser elg for første gang♬ original sound – safarishaban

Seinare fekk Safari endå nærare kontakt med skogens konge:

Tunge fjellturar, med fin utsikt

Elles tykte 23-åringen at Noreg hadde mange fine stader med mykje fjell.

– Det var tungt å gå opp eit fjell, men når du kom til toppen så var det veldig fint. Og så lærte eg å fiske, eg trudde ikkje at eg skulle lære å fiske, seier Safari entusiastisk.

Etter første sesongen er Safari vorte eit friluftsmenneske og tek seg gjerne ein tur i skogen når han er heime på Mysen, noko han aldri gjorde før.

– Om eg skulle gitt nokre tips til unge, som meg, så er det å byrje å ta seg turar ut. Ikkje berre ein gåtur i byen, men gå ut og telte i skogen utan noko stress eller sosiale medium. Kanskje ikkje heilt åleine, men ein gjeng, det hjelper mykje i sjela.

Safari Shabani (23) og gjengen var på Haugabreen i Jølster og Reinebringen i Lofoten. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)

Storinnsamling for safari

Safari fortel om fleire positive reaksjonar etter første sesong, med folk som har vorte glade og inspirerte.

– No blir det skikkeleg norsk vinter. Eg trur ikkje eg har opplevd norsk vinter, eg har berre vore inne medan alle andre er ute og står på snowboard og skøyter.

Turen går nordover langs E6, men Safari får ikkje vete noko om planane. På den måten kan han ikkje Google og trekkje seg på utfordringar som å «strikkehoppe frå eit isfjell».

Det er eitt av scenarioa som Safari ser føre seg, men er det ein ting han er sikker på, så er det at han må gå på ski. Det er noko han både gler og gruar seg til.

– Eg har tenkt mykje på det og veit ikkje korleis eg skal gjere det. Når eg ser på korleis folk gjer det så skjønar eg ikkje korleis dei gjer det utan å sprette beina, seier Safari, som håpar han ikkje brekker beina.

Turkameratane Morten Sandvik (t.v) og Emil Pettersen utfordrar ofte Safari Shabani til å gjere ting han ikkje vil. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)

Budeiene i Bodø

– Eg hadde håpa på å treffe ei budeie i Bodø, fordi eg hadde tenkt i hovudet mitt at det var budeier i Bodø, sidan det heiter budeie, ler Safari.

Førre sommar lærte Safari mykje om resten av Noreg, då han mellom anna opplevde midnattssola i Bodø og Lofoten.

– Eg lurte litt på korleis lever dei folka her, der det er sol 24/7. Korleis er husa der? Er det eitt hus om sommaren, så blir det eit stort telt over det, som gjer det mørkare inne? Korleis skil dei dag frå natt?

Sjølv vart Safari døgnvill av midnattssola, men han er ikkje framand for tanken å flytte til bygda.

– Ja, eg hadde flytta til Bodø.

– Men Bodø er ein by, rettar prosjektleiaren frå sida.

– Men viss Bodø er by, kva er bygda då? Er Lofoten bygda, spør Safari, som får ja.

– Eg hadde flytta der, fordi det er sånn fritt. Du føler deg fri med naturen og det er masse vatn. Du får tid til å tenkje og vere med kompisar og snakke. I byen er det altfor mykje som skjer, folk som vil ut, medan i bygda er det litt meir roleg. Du føler deg fri i hjartet når du berre ser vatnet som er blått og grønt, og masse tre. Eg ville ikkje dra derfrå då eg var der, minnest Safari.

Safari Shabani er redd for vatn, men hadde fine fiskeopplevingar både i Lofoten og Sognefjorden. Her er han ute med reisefølget Morten Sandvik (t.v), Emil Pettersen og resten av teamet. Foto: Mikkel Graham Guttormsen (Lucky View)

Tøffare med vatn

Framover har han to store draumar: å møte isbjørn og å læra seg å symja.

Safari drømmer om å vera med i båt og berre hoppe ut i fjorden for å bada, utan å vere redd for vatnet.

– Det verste dei kan finne på er noko med vatn. Og det er mange stader der vatnet har blitt til is. Eg hadde fått panikk, eg trur det er det verste, seier Safari.

Førre sesong prøvde reisefølgjet mellom anna å få Safari til å hoppe strikk 84 meter ned frå Vemorkbrua i Rjukan, noko han ikkje våga. Målet for den nye sesongen er å vere endå tøffare.

– I første sesong var eg litt pinglete nokre gongar. No er det veldig mange som er gira på å sjå meg tørra ting, mange som har vippsa, så eg kan ikkje ikkje gjere det, seier Safari og legg til:

– Når alle andre i Noreg gjer det, må eg òg tørre å gjere det.


Desse fem unge lovande bør du halde auge med i framtida. Foto: Ina-Theres Sparrok, Mariann Josefsen, Alice M. Jektevik, Piera Heaika Muotka, Privat. Kollasj: Framtida.no.