AUF-leiar Astrid Hoem innstilt til attval

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 12.09.2022 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

AUF-leiaren innstilt til attval

– Å få leie AUF dei siste to åra er det gøyaste og mest ærefulle eg har fått lov til. Så viss landsmøtet er samd med valkomiteen, er det ingenting eg heller vil enn å halde fram med å jobbe for ei grønare og meir rettferdig framtid, seier AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem til VG.

Hoem har site som leiar sidan 2020. Innstillinga skal stemmast over på landsmøtet i ungdomspartiet i haust.