Spelte i 73 timar – samla inn over éin million kroner til psykisk helse

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå torsdag til søndag gama Nerdelandslaget 73 timar i strekk, for å samle inn pengar til Mental Helse Ungdom. Temaet var «snakk om det».

Innan tida var ute hadde gamarane samla inn over 1 million kroner.

Instagram skriv Mental Helse Ungdom at streamen har hjelpt mange til å våge å «snakke om det», og at innsatsen reddar liv:

– I 73 timar i strekk har denne gjengen bydd på seg sjølv, gjeve blod, sveitte og tårer (bokstavleg talt) for at fleire barn og unge skal få hjelp. Dei har snakka om det som er vanskeleg. Dei har snakka om det som er viktig, skriv organisasjonen.


Les også: I år har Kors på halsen teke mot 20.000 samtalar – Morten (28) og Hanna (27) svarar

Illustrasjonsfoto: Daria Nepriakhina ?? on Unsplash
Kollasj: Framtida.no