Rosar kongehuset for openheit: – Menneskeleggjering vil omtrent alltid vekke sympati

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg vart forundra over å oppdage kor treigt det gjekk å etablere ei kvinneleg tronfølgje i ei elles demokratisk forfatning – at fedrane på Eidsvoll strauk kvinnene ut av Kongelova.

Tor Bomann-Larsens nye kongebok byr på ei stor fotosamling som fortel om opphavet til kongehuset vårt – og utviklinga fram til i dag.

Les også: Ingrid Alexandra er 18 år – her er 18 ting du kanskje ikkje visste om prinsessa

Krig og surfebrett

Biletmaterialet er sjeldan rikt, der det spenner frå seglskuter til surfebrett, og frå trykksverte til smarttelefon. I alt rommar boka 500 bilete. Biletdokumentasjonen tek opp i seg både krig og alvor, og dessutan meir lyse og lette daglegdagse situasjonar.

Ideen kom frå Slottets mangeårige fotoarkivar, Jan Haug, fortel Tor Bomann-Larsen.

– Han meinte vi burde lage eit biletverk i samband med Haakon VIIs 150-årsjubileum. Men sidan 2022 også er året då prinsesse Ingrid Alexandra vart erklært myndig som tronfølgjer, fekk vi lyst til å trekkje linje vidare til vår eiga tid.

På omslaget til «Fire konger og en dronning» kan ein sjå dei siste ledda i tronrekkefølgja. Foto: De kongelige samlingers fotoarkiv

På spørsmål om kvifor han har ønskt å dokumentere historia til monarkiet ved hjelp av bilete, svarer forfattaren:

– Bilete vil alltid danne ein meir morosam inngang til historia enn rein tekst. Kameraa har følgt dei kongelege dynastia tett heilt frå barndommen til fotografiet. Det fascinerande med monarkiet ligg i personifiseringa – i møtet mellom styret til staten og menneskepsykologien.

Europas mektigaste

Det var eit rikt materialet Tor Bomann-Larsen og Jan Haug (biletredaktør) sette seg føre å presentere, og det vanka fleire overraskingar på kongehusekspertane.

– Dessutan fekk eg lettare hakeslepp då eg las den seinare kong Haakons første reaksjon over å bli tilboden Noregs krone i 1905. Det var den «motbydeligste natt i hans liv». Unekteleg litt av eit utgangspunkt for å klatre opp på trona til eit land.

Sommaren 1913 – kong Haakon er her fotografert med den eine av sine to automobilar. Foto: De kongelige samlingers fotoarkiv

Også meir lette og humoristiske situasjonar kjem fram, som at dronning Mauds hundar hadde ein tendens til å forville seg inn framfor kameraet.

Og sjølv om vi kjenner dagens kongefamilie godt, er det mange som ikkje veit korleis det heile starta.

– Fotografia kan fortelje oss korleis den vesle kongefamilien vår har utspringet sitt i Europas mektigaste fyrstedynasti. Bak i boka har vi plassert eit nyteikna slektstre som viser korleis prinsesse Ingrid Alexandras anar strekkjer seg sju generasjonar tilbake, til dronning Victoria og hennar samtidige.

Vårsol i Dronningparken: Kronprins Olav fotografert med eselet Hoddy i april 1906. Foto: De kongelige samlingers fotoarkiv

Vekkjar sympati

Tor Bomann-Larsen følgde interessert med på diskusjonen som oppstod i kjølvatnet av Tore Rems bok «Ensom majestet» om kong Olav, der også dei mindre flatterande eigenskapane til regenten og personlegdomstrekk kom til syne.

Han trur ikkje boka eller diskusjonen har skadd monarkiet på nokon måte.

– Jo lenger tilbake i historia vi er, desto friare står biografen i skildringa si av det private. Dersom ein finn tida moden til å forfatte ein breitt oppbygd biografi, slik Tore Rem har gjort, er det den sjølvsagde oppgåva hans å klargjere kongen frå flest mogleg sider. Kongar er menneske. Eit menneske utan svake sider er ikkje noko menneske, slår han fast.

Bomann-Larsen fryktar ikkje at han sjølv har stått for nokon «majestetsfornærming» med den nye boka si.

– Både Jan Haug og eg har jobba innanfor dei kongelege arkiva i ei årrekkje. Og sjølv om materialet er av stor nasjonal interesse, er det framleis tale om familiearkiv. Så kongen held på ein naturleg rett til å avgjere kva for nokre private foto som kan tilflyte offentlegheita, forklarer han.

Kronprinsfamilien og Märtha Louise med born og sin sin dåverande ektemann Ari Behn fotografert i Sør-Varanger. Foto: De kongelige samlingers fotoarkiv

Det norske kongehuset ligg heilt i front

– Når det gjeld openheit om historia si, er det erfaringa mi – frå mange europeiske monarki – at det norske kongehuset ligg heilt i front, seier forfattaren vidare – og legg til at han trur dette er ein styrke.

– Menneskeleggjering vil omtrent alltid vekke sympati. Dessutan dokumenterer både tekst og bilete betydninga av monarkiet i vår nære historie, fastslår han. Og omtaler det store arbeidet med «Fire konger og en dronning» som både utfordrande og lystprega.

– Det byrja med ein lys idé og enda sjølvsagt – som alltid – i hardt arbeid. Både Jan og eg har ein forkjærleik for korrekt informasjon, så sommaren forsvann i retusjering og mest mogleg eksakte bilettekstar. Vi håpar likevel at resultatet ikkje har drukna i blod, sveitte og tårer, men gir inntrykk av overskot og stor fascinasjon for vår felles historie.

Tor Bomann-Larsen har eit stort og variert forfattarskap bak seg, særleg har han hausta anerkjenning for biografiame sine, ikkje minst det store verket om kong Haakon VII og hans tid.

Åttande og siste bind av verket om Haakon & Maud, vart lansert hausten 2019.