Prins Sverre Magnus fyller 19 år i dag
Den tredje i arverekkja til den norske trona, Sverre Magnus, fyller 19 år.

Den norske prinsen Sverre Magnus, som er kronprinsesse Mette-Marits og kronprins Haakons yngste barn, fyller år i dag.
Ingrid Alexandras fødselsdag er offisiell flaggdag i Noreg, men det blir inga offisiell markering av bursdagen til prinsen.
– Bursdagen skal feirast privat, seier Slottet.
I september vart det kjent at prinsen skulle bu i Trondheim fram til jul for å jobbe. Slottet ønskjer ikkje å kommentere om feiringa blir halden der med medlemmer av kongefamilien.

Foto: Kimm Saatvedt/ Det kongelege hoffet