Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Klimaboka har Greta Thunberg samla kunnskap frå over hundre personar med spisskompetanse på ulike sider av klimakrisa. Kvar ekspert har fått nokre få sider til å formidla innsikt frå sitt felt. Innimellom puslar Thunberg brikkene saman og gir sine analysar.

Resultatet er ei gullgruve. Lesaren får god oversikt over årsakene, konsekvensane og ikkje minst kva me kan gjera med klimaendringane.

Tekstane er engasjerande og lettlesne. Temmeleg tung forsking har blitt slipt og kvesst sånn at ho er lett å forstå. Du både blir og føler deg smart av å lesa Klimaboka. 

Sjokkerande om han har lese boka

Eg blei meir eller mindre sjokkert då eg såg kva NRK sin litteraturkritikar Ola Hegdal meinte om Klimaboka. Etter å ha lese bokmeldinga til Hegdal fleire gonger, tenkjer eg at det ville ha vore særs sjokkerande om det skulle visa seg at han faktisk har lese boka til Thunberg.

Kort summert opp, så fortel Hegdal at Klimaboka vitnar om ei radikalisert miljørørsle, «der det handler mer om å utkonkurrere de andre i bevegelsen om å være mest rettroende, enn å få til faktisk forandring». 

«Thunbergianerne» driv med cherry picking av vitskap som støttar opp om bodskapet deira. Og Thunberg sjølv blir redusert til «en slags gammel­testamentlig Pippi»(!) og profet for en «rødgrønn revolusjon».

Hjartet mitt skulle så inderleg ynskja at Hegdal si framstilling av Klimaboka var sannferdig. Det han skildrar er på så mange måtar boka eg lengtar etter.

Kor mykje skulle eg ikkje gitt for nokre enkle løysingar og ein klar veg ut av krisa?

Greta Thunberg under Klimatoppmøtet til FN 2019. Foto: FN

Ikkje ei løysing

I likskap med alle andre klimabøker eg har lese, så svarer ikkje Klimaboka på mine bøner. 

Thunberg er dessverre ingen profet som har fått ei openberring. Ho tilbyr ikkje frelse.

Boka formidlar nøktern, solid og vitskapeleg kunnskap. Kjeldelista og note­apparatet er for stort til å få plass i sjølve boka, men finst på ei eiga nettside.

Omslag: Cappelen Damm

Naturvitskapen fortel at situasjonen me står i er alvorleg. Me treng store endringar raskt for å unngå katastrofale fylgjer.

Eg synest likevel det er skumlare å lesa dei samfunnsvitskapelege bidraga i boka. Som samfunn har me enno ikkje funne ein måte å handtera klimakrisa på. Samfunnsforskarane gjev oss den innsikta dei har om kva me kan gjera – korleis endring kan bli skapt. Men vegen er usikker og ikkje tydeleg. Det finst ikkje noka ferdig oppskrift på ei løysing.

Meir demokrati

Kva er så Thunberg sitt svar på desse utfordringane?

Radikaliserings­prosessen, pseudo­religionen og den raudgrøne revolusjonen som Ola Hegdal skriv om i bokmeldinga si, klarer eg ikkje å finna igjen i Klimaboka.

Tvert imot insisterer Thunberg på demokrati, pluralitet og folkbilding.

Greta Thunberg. Foto: © Kim Jakobsen via Cappelen Damm

«Demokrati er det mest verdifulle verktøyet vi har, og uten det har vi ingen sjanse til å løse problemene vi står overfor, ikke tro noe annet. Bare forestill deg å skulle kommunisere urovekkende forskningsresultater eller si sannheten til makthaverene i et diktatur.»  

Det handlar ikkje om å vera mest rett-truande: «Vi vil få behov for mange tusen – eller kanskje flere millioner – innfallsvinkler […] Og det vi har er moral, empati, forskning, media og – i noen heldig stilte deler av verden – demokrati. Det er noen av de beste redskapene vi har akkurat nå, og vi må begynne å bruke dem alle sammen.» 

Thunberg seier at kulturkrig er ein distraksjon. Me har ikkje tid til å fokusera på noko anna enn det store biletet.

Folkeopplysing

Klimaboka gir ikkje ei endeleg løysing på klimakrisa. Men ho samlar den viktigaste kunnskapen på ein lettfatteleg måte. Difor fortener boka terningkast langt høgare enn seks.

Dette er folkeopplysning!

Bokmeldinga til Ola Hegdal er derimot misvisande og reint vas. Eg tilrår: Les boka om igjen!


Marius Moldsvor (17) frå Senja vann skrivekonkurransen med eit personleg innlegg om det omdiskuterte Wisting-feltet. Foto: privat // Illustrasjon: Asle Haugland / Equinor ASA // kollasj Framtida.no

Fakta

Tittel: Klimaboka

Forfattar: Greta Thunberg m.fl.

Forlag: Cappelen Damm

Omsett av: Lene Stokseth

Gitt ut: Oktober 2022

Sjanger: Sakprosa