Bokmelding: Råemne – for den som treng noko å tygge på

Det er lett å forelske seg i Skjetne sin fortreffelege skrivestil, meiner bokmeldar Herman Søberg.

Herman August Søberg
Publisert

Det mest komplekse i verda er bygd opp av ting ein ofte ikkje legg merkje til. Dei er bygde opp av råemna som er grunnmuren i alt me kan sjå og føle. Men desse materiala har ikkje berre bygd verda – dei har også bygd auga som betraktar alt rundt oss.

Erlend Skjetne debuterte med si fyrste diktsamling, Skare, i 2019, og blei nominert til Tarjei Vesaas-prisen for ho. I tillegg har han skrive romanar og ungdomsromanar, og skriv utelukkande på nynorsk. No kjem han med ei fjerde diktsamling, og hans sterke grep om pennen får briljere igjen.

«Råemne»

Tittel: Råemne

Forfattar: Erlend Skjetne

Forlag: Flamme forlag

Sidetal: 88

 

Råemne handlar om krig, religion, og forskjellen mellom å sjå verda med eit barneauge kontra eit vakse blikk. Råemne handlar om det skjøraste og mest sårbare, det som enno ikkje er noko. Råemne handlar om korleis alt me forstår og får oppleve, kan kokast ned til dei same ingrediensane.

Tilgjengeleg for vanlege menneske

Slik eg har forstått det, skal denne samlinga handle om det kvardagslege me gjer, blanda med det eksistensielle me tenkjer. Sjølve dikta utspelar seg som heilt vanlege hendingar, medan det alltid ligg ei djupare og tyngre meining bak dei.

På denne måten blir dikta tilgjengelege for alle menneske som må gjere normale ting.

Dikta er skrivne som samtalar, observasjonar og fantasiar. Alle er ein tankevekkjar, for dei viser kor eksistensielt det er berre å leve. Desse dikta minner meg på at me menneske finn meining, håp, frykt og skam i alt me gjer, og alt som er rundt oss.

Fargerikt og gjennomtenkt språk

Skjetne har verkeleg eit stort ordforråd og ein utruleg ordkunnskap. Han kan finne på å samanlikne ting eg aldri hadde tenkt over å likestille, og han får ein til å tenkje gjennom alt han set ord på.

Bokomslag: Flamme forlag

Kvart dikt er utført til den største presisjon, med utvalde ord som smakar både søtt og bittert. Det er lett å forelske seg i Skjetne sin fortreffelege skrivestil og umåtelege skildring, noko som i seg sjølv gjer boka verd å lese.

Det må diverre også seiast at ettersom han har eit veldig avansert språk som dei fleste mest sannsynleg ikkje har høyrt før, kan det bli vanskeleg for ein lesar å forstå dikta.

Forvirrande formidling

Som mange dikt, må desse lesast fleire gonger før ein forstår kva diktet faktisk dreier seg om. Sjølv likar eg denne prosessen frå å ikkje fatte, til å sjå noko djupt inni eit mellomrom eller bak eit metaforisk bilete. Diverre synest eg at mange av desse dikta var særleg vanskelege å skjøne, og lèt meg bli igjen og føle meg dum.

Problemet med å skrive djupt og vanskeleg, er at poenget ikkje alltid kjem fram. Noko vakkert og poetisk kan bli mista i dei vakraste orda når den som les ikkje veit kva dei betyr.

Likevel var det dikt eg greidde å dekode, og det kjendest fantastisk. Når du verkeleg forstår kva Skjetne ønskjer å seie, skjønar du at det ligg masse omtanke bak kvart ordval.

For den som treng noko å tygge på

Eg koste meg med denne boka sjølv om eg saknar å forstå litt meir av kva Skjetne har prøvd å formidle. Kanskje eg berre treng fleire år bak meg, eller kanskje dette er til ein som ønskjer å tenkje på det same diktet over fleire dagar.

Uansett meiner eg at dei aller fleste kan like Skjetne sine dikt så lenge dei er budde på å finne fram ordboka og tygge på ein uventa metafor.

Terningkast: 4