Spel skal lære deg å kjenne igjen falske nyheiter

Det kan vere vanskeleg å forstå korleis falske nyheiter blir til og kor raskt dei spreier seg. No lanserer Medietilsynet eit spel som skal setje deg i betre i stand til å forstå desse mekanismane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om lag sju av ti 13–18-åringar seier dei har sett ei falsk nyheit på nettet det siste året, viser Medietilsynets undersøking Barn og medium 2022.

Bad News på norsk

Denne veka blir Media Literacy Week markert over heile Europa, for å auke merksemda om kritisk medieforståing. Medietilsynet lanserer i samband med dette det nettbaserte spelet «Bad News» på norsk. Spelet er premiert, omsett til 20 ulike språk, og er allereie spelt av éin million på verdsbasis sidan 2017.

Målet med spelet er å auke motstandskrafta mot falsk informasjon på nettet, ved at spelarane får prøve seg som produsentar av falske nyheiter. Spelet passar for ungdom over 14 år.

– Gjennom spelet får spelarane innsikt i dei ulike teknikkane og metodane som blir nytta for å spreie falske nyheiter. Det kan gjere det enklare å kjenne igjen desse mekanismane i andre samanhengar, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Les også: Ville bevisa kor lett det er å bli lurt – laga falske nyheiter og profilar

Unge ekspertar: Elevane er klare på at dei synest at det var både kjekt og bra at Forsvarets forskningsinstitutt let dei få sleppa til i forsking som omhandlar sosiale medium. For dette feltet er det faktisk unge som kan best: – Det å bruka oss er kjempeviktig. Me veit meir om oppførselsen som blir brukt der, seier Maria Tenstad Damm. Dei andre på biletet er: Jonatan Ekeberg, Christian Alsaker og Kamilla Bakstad. Foto: Stian Green