Vekas viktigaste: Droneaktivitet, drapssikta og statsleiarar

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatering: Ei anna viktig sak denne veka er Baneheia-saka. Fredag klokka 13 kom det fram at riksadvokaten vil frifinne den eine mannen som tidlegare vart dømt for drapet på to jenter i 2000.

PST etterforskar droneaktivitet i Noreg

Drone

Illustrasjonsfoto: Thomas Bjornstad via Unsplash

Den siste tida har fleire russarar blitt pågripne for å fly med drone i Noreg. Fire av dei har blitt lauslatne. Russarar har ikkje lov til å fly med fly eller drone i Noreg. Det vart slått fast i ei ny forskrift etter Russland invaderte Ukraina.

Politiets tryggingsteneste (PST) har no fått ansvar for å etterforske slik droneaktivitet på eit nasjonalt nivå. Dei trur noko av målet kan vere spionasje og å skape frykt.

Samstundes seier Jonas Gahr Støre at droneaktiviteten ikkje foreløpig er kopla til noko statsmakt.

– Dette er no under etterforsking og vi må respektere at det arbeidet gjerast og no gjerast det av rett styresmakt, sa statsministeren onsdag.

Den russiske ambassadøren til Noreg seier det er diskriminering mot russarar.

– Styresmaktene kan ikkje bruke desse reglane for å mistenke alle russarar for å vere spionar. Dette er hysteri.

Fleire flyplassar har måtta stenge den siste veka på grunn av at folk meiner dei har sett dronar. Det er ikkje klart enno kven som står bak dette.


Xi Jinping legg føringar på den kinesiske partikongressen

Erna solberg med Xi Jinping framfor norske og kinesiske flagg

Denne veka blir Xi Jinping vald som partileiar for tredje gong på rad. Her frå Erna Solberg sitt besøk til Kina i 2017. Foto: Trond Viken/NFD/Statsministerens kontor

Den kinesiske partikongressen finn stad denne veka. Kongressen blir halden kvart femte år. Det er her kommunistpartiet legg planane for landet, og bestemmer kven som skal vere partileiar.

President Xi Jinping har blitt vald til partileiar ved dei to førre partikongressane. No har han vore president i Kina i 9 år. Denne veka blir han truleg vald ein tredje gong. Dersom det skjer, blir han også truleg vald til president neste år.

Det blir i så fall historisk. Sidan den kommunistiske revolusjonen har ingen vore statsoverhovud i Kina i lenger enn 10 år.

Xi har brukt dei siste åra på å samla makta til presidentrolla. Fleire ministrar har blitt fengsla, og presidenten har kvitta seg med rundt 1100 tenestemenn.

I Kina er det kjent som eit oppgjer med korrupsjon i staten. For Xi Jinping tyder det at han i praksis no har god kontroll over det einaste partiet i landet. Han kan dermed ende opp med å bli president for livstid.


Ein 52-åring er tiltala i drapet på Birgitte Tengs

Konfirmasjonsbilde av Birgitte Tengs

Foto: Våge studio / NTB

Denne veka vart ein 52 år gamal mann tiltala for drapet på Birgitte Tengs.

I 1995 vart 17 år gamle Birgitte Tengs drepen på Karmøy. Ho vart funnen død ikkje langt frå heimen sin. Den 19 år gamle fetteren hennar var i lang tid hovudmistenkt, og vart 1997 dømt for drapet.

Fetteren vart derimot frikjent frå drapet seinare, etter fleire rettsrundar i både Høgsterett og Den europeiske menneskerettsdomstolen. Sidan då har drapet blitt rekna som uoppklart.

Difor var det store nyheiter då ein ny mann vart arrestert i saka i fjor. Det er eit resultat av at politiet etterforska nye DNA-bevis.

Denne veka har politiet teke ut ei tiltale mot 52-åringen, og riksadvokaten har sagt unnskyld til fetteren. Rettssaka kjem til å starte 7. november 2022.


Liz Truss går av som statsminister i Storbritannia

Liz truss talar utanfor statsministerbustaden

Foto: Andrew Parsons / No 10 Downing Street

Liz Truss blir med sine seks veker den kortast sitjande statsministeren i britisk historie. Ho informerte om at ho gjekk av på ei pressekonferanse på torsdag:

– Eg ser at eg ikkje klarer å gjennomføre mandatet som eg vart vald til av Det konservative partiet. Difor har eg prata med Hans Majestet Kongen for å varsle han om at eg trekker meg som leiar for Det konservative partiet.

Ho går av neste veke, når den nye partileiaren til det konservative partiet er vald.

Den nye leiaren blir også statsminister, sidan partiet har fleirtal i parlamentet.

Det er fleire grunnar til at Truss no går av som statsminister. Onsdag var det ei kaotisk avstemming om fracking, ein omstridt måte å vinne ut olje på.

Trass i at ho har fronta praksisen, og det var uklart om medlem i Det konservative partiet var fristilt til å stemme på det dei ville, let ho ver å stemme på sitt eige forslag.

I tillegg er ho svært upopulær på grunn av dei store skattekutta ho ønskte å innføre for rike folk.


Flaumkatastrofe i Nigeria

Illustrasjonsfoto: Emmanuel Ikwuegbu via Unsplash

Måndag vart det stadfesta at over 600 personar mista livet i flaumen som ramma landet i september. Vanlegvis startar regnsesongen i Nigeria i juni, og varer gjennom sommaren. I år kom dei tyngste byene frå august.

Meir enn 1,3 millionar menneske skal vere tvinga til å forlate heimane sine.

Regnet har også påverka jordbruket. Nesten 110 000 hektar med jordbruksland er øydelagt, som kjem til å ramme prisen på ris. Nigeria har frå før forbode risimport for å stimulere eigen produksjon.

Ifølgje FN og Verdas matvareprogram er Nigeria blant seks land med høg risiko for grov hungersnød.


✨Vekas lyspunkt✨: Millionar av amerikanske studentar får tilgjeve lån

President Joe Biden fotografert i samtale med veteranar i august 2022. Foto: Official White House /Adam Schultz

Måndag byrja programmet der amerikanarar kan få betalt studielånet sitt av staten. Over 8 millionar har allereie registrert seg.

Alle som tener under 125 000 dollar i året kan få tilgjeve opp til 10 000 dollar av det statlege studielånet sitt. Dei kan få opptil 20 000 dollar tilgjeve dersom dei er frå familiar med låg inntekt og difor har teke imot statlege stipend.

Det er president Joe Biden som har starta programmet, som har møtt stor motstand frå republikanarar.


Fekk du med deg nyheitene i førre veke?

Kollasj av Framtida. Foto: NASA/David C. Bowman, Rosavtodor.ru, Jaredlholt, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons