43 millionar amerikanarar kan få sletta delar av studielånet

Over 8 millionar har allereie registrert seg.

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

President Joe Biden lova i august å slette studiegjelda til amerikanarar. No er ordninga innført. Måndag denne veka opna søknadsportalen studentaid.gov.

Amerikanske studentar med statlege studielån kan få sletta 10 000 dollar om dei tener under 125 000 dollar årleg.

Amerikanske studentar, som kjem frå familiar med låg inntekt og difor har motteke statlege stipend (Pell Grants), kan få sletta inntil 20 000 dollar av studiegjelda om dei tener under 125 000 dollar.

Over 300 000 kroner i lån etter bachelor

Skjemaet skal vere så enkelt å fylla ut at det kan gjerast på eit minutt. Alt som trengst er (namn), (personnummer), (fødselsdato) og (telefonnummer).

8 millionar skal ha registrert seg i ein betaversjon som vart lansert førre helg. 

I snitt har ein amerikansk student nesten 30 000 dollar i studielån etter ei bachelorutdanning. Det tilsvarar nesten 320 000 norske kroner. Ifølgje presidenten kan heile 43 millionar kvalifisere til å få sletta studiegjeld.

Det er president Joe Biden som har starta programmet, som har møtt motstand frå republikanarar. Kritikarane peikar på at ordninga er kostbar for staten og fryktar det vil auka inflasjonen.


NSo-leiar Maika Marie Godal Dam (Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold )